Gol Venstre ynskjer utgreidd interkommunalt samarbeid om søkjing av prosjektmidlar til friviljuge or

I ein interpellasjon spør Hallvor Lilleslett om korleis ordføraren stiller seg til å få utgreidd ein spørsmålom ei felles prosjektsøkjarstilling knytt opp mot det friviljuge organisasjonslivet i kommunane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Prosjektmidlar friviljuge organisasjonar — ei oppgåve for kommunen?

Det er ei rad med støtteordningar frå fylke og stat til ulike tiltak innan idrett, barne- og ungdomsarbeid og anna friviljug arbeid. Det er ei stor utfordring for det friviljuge organisasjonslivet å skaffe seg oversyn over dei støtteordningane som finst. Ofte vil dette vera eit arbeid som rett og slett er for stort og omfattande til å bli gjort på friviljug basis i tillegg til den ordinære lags- og idrettsaktiviteten.

Slike støtteordningar er oppretta fordi sentrale styresmakter ynskjer å styre utvikling og aktivitet.

Venstre trur det er dei same utfordringane for det friviljuge organisasjonslivet i andre kommunar i dalen.

Venstre ynskjer å få vurdert behovet for ei prosjektsøkjarstilling som skal hjelpe lag og organisasjonar både til å finne prosjektmidlar og til å forme søknader og deretter rapportere for gjennomførte prosjekt.

Gol Venstre reiser denne problemstillinga i kommunestyret tysdag i form av ein interpellasjon til ordføraren. Vi ynskjer svar på korleis ordføraren stiller seg eit spørsmål om å arbeide for å få til ei prosjektsøkjarstilling, anten mellom enkeltkommunar eller som ein funksjon knytt til sekretariatet til regionrådet.

Gol 14.11.07

Hallvor Lilleslett
Gruppeleiar Gol Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**