Gol Venstre ber om utgreiing av spørsmålet om innføring av eigedomsskatt i Gol kommune

I budsjetthandsaminga varsla Gol Venstre at dei ville ta initiativ til ein gjennomgang av kommunen sine inntekter. Gol Venstre ber i eit brev som er sendt ordføraren om at ordføraren tek initiativ til at det blir sett i gang eit utgreiingsarbeid for å sjå konsekvensane av ei eventuell innføring av eigedomsskatt i heile kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Slik ordinga er i dag mellom kommunen sine skatteinntekter og overføringane frå staten, er kommunane i svært stor grad bunde opp av statlege føringar. Aukar kommunen sine skatteinntekter ut over nokre prosentpoeng, reduserer staten rammeoverføringane tilsvarande. Dette gjeld for dei fleste av kommunen sine inntekter, bortsett frå eigedomsskatten.

I samband med budsjettbehandlinga for 2008, kom det fram at det er store, udekka behov både innan omsorg og skule. UKL prioriterte tiltak langt ut over dei tildelte rammene. I omsorgssektoren er det i gang eit arbeid i etterkant av RO rapporten. Det er mogeleg at det kan vera ein effektiviseringsgevinst å hente innan denne sektoren.

Staten pålegg kommunane stadig nye og tyngre oppgåver. Kommunane har aldri før fått overført så mykje frå staten, men dei statlege midlane fylgjer ikkje kostnadsutviklinga. Det er venta at lønsoppgjeret til våren vil bli ei utfordring for kommunane.

Gol Venstre ynskjer å vera i forkant av dette og sjå på kommunen sine inntekter som ikkje påverkar statlege overføringar. Difor ber vi om at spørsmålet om eigedomsskatt blir utgreidd så snart som råd, og seinare lagt fram for kommunestyret. Om ein då skal innføre eigedomsskatt eller ikkje, vil avhenge av dette utgreiingsarbeidet.

Dersom det er eit såpass stort udekka behov innan skule og omsorg som UKL gjev uttrykk for, meiner vi det er uansvarleg å ikkje sjå på det inntektspotensiale som det kan liggje i ei innføring av eigedomsskatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**