Årsmelding 2007

Årsmeldinga vart lagt fram og godkjent i årsmøtet 6. januar 2008

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


ÅRSMELDING 2007 — GOL VENSTRE

Tillitsfolk i meldingsåret:
Leiar: Helge Feet
Nestleiar: John Henning Johannessen
Skrivar/ styremedlem: Gunhild Sørum
Styremedlem: Vlasta Sundmoen
Styremedlem: Mildrid Nesheim
Kasserer: Anna Lilleslett
Vara: 1. Hallvor Lilleslett, 2. Sigurdis Ingimundardottir, 3. Per Drabløs

Revisor: Ola V. Stake
Valnemd: Gudrun Bøthun, Per Drabløs, Anna Lilleslett
Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre
a) Til årsmøtet: 1. Leiar Helge Feet, 2. styremedlem Vlasta Sundmoen, 3.Gudrun Bøthun.
b) Til nominasjonsmøtet: Helge Feet, Hallvor Lilleslett, vara: John Henning Johannessen, Vlasta Sundmoen

MØTEVERKSEMD
Gol Venstre har ogaå i 2007 hatt eit aktivt år med i alt 8 medlemsmøte/styremøte og 2 fellesmøte med dei andre venstrelaga i Hallingdal. Det eine møtet var 12 januar i samband med felles årsmøte på Solstad Hotell. Her var klima/miljøpolitikk tema, dessutan valet 2007.
Det andre fellesmøtet var på Fausko gard i Hemsedal 19. februar med tema om energipolitikk og klimautfordringar. Her var Gunnar Kvassheim,venstrerepresentant og leiar i energi og miljøkomiteen på Stortinget tilstade. Han delte og ut venstrelaga i Hallingdal sin miljøpris til "Pelletsproduksjonen" i Kleivi.

Hallingtinget møtast to gonger i året. Hallvor Lilleslett avløyser Mildrid Nesheim og er, etter valet Gol Venstre sin representant her. Som leiar i Buskerud Venstre møter han og i fylkesstyret og landsstyret og var delegat på landsmøtet i 2007.

POLITISK ARBEID
Gol Venstre hadde fram til valet 9 — 10 sept. to representantar i kommunestyret
1. Mildrid Nesheim , leiar av Utval for Kultur og Levekår (UKL)
2. Hallvor Lilleslett, Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar
Vara til kommunestyret: 1. Helge Feet, 2. Gudrun Bøthun, 3. Vlasta Sundmoen

Etter valet fekk Gol Venstre tre representantar i kommunestyret:
1. Hallvor Lilleslett, Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar. Han har og i år vore ordførar i ein kortare periode.
2. Vlasta Sundmoen, Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)
3. Helge Feet, Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN)
Vara til kommunestyret: 1. Ingebjørg By Teigen, 2. Jan Kattenberg, 3. John Henning Johannessen.

Kontrollutvalet: Mildrid Nesheim, leiar

Elles er Gol Venstre representert i mange råd og utval.

Det politiske arbeidet i 2007 har mykje vore prega av kommunevalet.
.
Programkomiteen besto av Hallvor, Mildrid og Helge. Dei gjorde eit godt arbeid med tekst og layout og kom vel i gang i 2006.
Nominasjonskomiteen besto av Gudrun, John Henning og Gunhild. Dei hadde tre møte og følgte prosedyra frå valet for fire år sidan. Det fungerte godt. Nominasjonsmøtet vart halde 12. mars på Solstad Hotell.

Gol Venstre gjorde eit godt val i september, tok 12,1 % av stemmene ( + 1,4 % ) ( stemmetal 249) og auka til 3 representantar i kommunestyret.

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i året 2007 kan nemnast:

Gol Venstre har vore sterkt imot steinbrot på Geiteryggen
Hallingmoprosjektet som er lansert er i startfasen. Her har Gol Venstre m.a. ivra for å få med ein representant frå skuleverket i prosjektgruppa.
Budsjettarbeidet har krevd mykje tid og energi, særlig i UKL.
Gol Venstre v/ Hallvor hadde interpellasjon om klimaplan i Gol kommune
Interpellasjonen vart fulgt opp av lesarinnlegg og redaksjonelt oppslag. Klimaplanen er no under arbeid i Gol kommune.
Gol Venstre v/ Hallvor hadde og ein interpellasjon i kommunestyret i nov. ang. regional koordinator for å søke prosjektmidlar for frivillige organisasjonar, noko Gol Venstre fekk medhald i.
Hallvor hadde lesarinnlegg om gods frå veg til jernbane saman med Runolv Stegane, fylkestingsrepresentant for Buskerud Venstre. Borghild Tenden, venstrerepresentant og nestleiar i transportkomiteen på Stortinget var informert.

Heimesida til Gol Venstre er frå oktober månad godt presentert, linka til Buskerud Venstre og Venstre sentralt.

Gol Venstre sine representantar har også dette året hatt mange innlegg i kommunestyret og elles vist stor politisk aktivitet.

ØKONOMI
Økonomien i Gol Venstre er i god balanse og viser eit overskot på om lag kr. 2000,- sjølv etter eit kommunevalår.
Gol Venstre hadde i 2007 betalande medlemmer

Gol 02. 01. 08

Helge Feet Gunhild Sørum
– leiar – – skrivar –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**