350 i tog for Kumar

Mange innbyggjarar i Hareid og Ulstein møtte sundag ettermiddag opp for å vise at dei ikkje finn seg i at Shantamkumar Sivanesen blir sendt tilbake til Sri Lanka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Det vart eit langt fakkeltog med mange handlaga plakatar som svinga seg gjennom gatene i Hareid sundag ettermiddag.
Ole Frank Bakken sa det varma hjartet hans å sjå at så mange møtte opp for å vise at dei synest Kumar skal få bli på Hareid. Bakken er i Støttegruppa for Shantakumar. Når Bakken såg at dei har så brei støtte mellom innbyggjarane blir han optimistisk for at dei skal vinne denne kampen.
No håpar han at støttegruppa skal få ha eit møte med UDI. Bakken fortel at det står ein del i papira frå UDI som dei berre må riste på hovudet av. Mellom anna står det at Kumar ikkje er integrert godt nok på Hareid.
Kumar har funne kjærleiken her, han er gift her med ein norsk statsborgar, han har fått mange vener her, er aktiv innan idrett og flink med born. Om ikkje han er integrert, då lurer me på kva som skal til, undrar Bakken.
Støttegruppa hadde kjøpt inn i overkant av 200 faklar. Det var så mange dei greidde å få tak i. Men faklane vart fort utselde.
Kumar og kona Venezia var takksame for at så mange folk møtte opp og viste at dei brydde seg. Det gav dei fornya håp.

KILDE: Vikebladet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**