Høgfartstog gjennom Møre og Romsdal

Nasjonalt er det starta ei vurdering av om det kan vere lurt og økonomisk for folk og miljø å satse på høgfartstog her i landet. Vidare er det diskusjon om nye og framtidsretta togliner skal gå gjennom Østerdalen eller Gudbrandsdalen. I tillegg har vi ein organisasjon , Norsk Bane, som er villege til å arbeide for at eit høgfartstog kan gå gjennom Romsdalen heilt til Ålesund.

Og kva skjer? Jau, den nye leiaren i samferdselsutvalet i fylket, Frank Sve, går ut ( i nyheitssending i NRK Møre og Romsdal) og proklamerer at dette er berre tull og at han ikkje vil høyre om eit slikt høgfartstog ein gong.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Det er utruleg at ein leiar kan framstå så reaksjonær, lite taktisk og lite framtidsretta innanfor det feltet han skal kjempe fram. Tog kan bli infrastrukturen for dei neste 100 åra, og det er difor stratetgisk viktig kva vi gjer no. Vi må skaffe oss meir kunnskap om samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar, og ikkje avvise dette som tull. Dersom det skulle bli ei storsatsing på høgfartstog, må vi posisjonere oss slik at vi ikkje blir ståande att om døra når utdelinga startar.

Og det er heilt usannsynleg at ei slik satsing skal pressast inn i det ordinære samferdslebudsjettet. Vi skal sjølsagt samstundes kjempe for ein betre, tryggare og raskare eksportveg frå Sunnmøre og Romsdal til Austlandet. Høgfartstog kjem ikkje i morgon, ikkje neste år eller dei første komande åra deretter heller, men det er dumt å melde seg ut.

Det neste som er utruleg, er å oppleve at leiaren i samferdselsutvalet ikkje berre held for eigne øyrer, men han nektar andre politikarar i samferdselsutvalet å få informasjon om høgfartstog. For det kan vel ikkje tolkast annleis når han høgrøysta seier at han ikkje vil høyre om det ein gong? Har han spurt utvalet sitt om dei vil ha ei orientering?

Ut ifrå det vi høyrde på radio, kan dette oppfattast både sidrompa og diktatorisk på ein gong. Og det er vel ikkje slik vi vil bygge Møre og Romsdal?

Gunn Berit Gjerde

Gruppeleiar i Møre og Romsdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**