Sjukdomsutbrot i oppdrettsnæringa

Møre og Romsdal Venstre ber om at det vert etablert forsikringsordningar som gjer at oppdrettsnæringa/mattilsynet raskt kan setje iverk naudsynte tiltak ved fiskesjukdomar i anlegga. Ordninga må vere eit spleiselag mellom det offentlege og næringa sjølv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Det har siste tida vore fokusert på sjukdom i oppdrettsanlegg i Storfjordområdet på Sunnmøre. Mattilsynet vil leggje visse anlegg brakk for å hindre spreiing, medan eigarane ikkje vil slakte ned. Striden er dregen inn i rettsapparatet og tida går medan den sjuke fisken står i merdene. Dette er ein uhaldbar situasjon. På grunn av smittefaren, ikkje berre mellom oppdrettsanlegga, men òg til villfisk, er ein heilt avhengig av rask rapportering og raske tiltak etter sjukdomsutbrot. Eit spleiselag mellom det offentlege og næringa vil vere med på å sikre at sjukdom på fisken vert innrapportert og ikkje vert halde hemmeleg.

Det må difor så raskt som mogeleg kome erstatningsordningar som sikrar raske tiltak ved sjukdom i oppdrettsnæringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**