Venstre krev betre kollektivtilbod og satsing på høgfartstog i Møre til Romsdal

Møre og Romsdal Venstre krev ei mykje større satsing på tilboda innan kollektivtrafikken. Dersom vi skal få auka bruk av desse tilboda og tilsvarande reduksjon av i privatbilismen, må vi være villige til å nytte meir midlar for å gjere kollektivtilboda betre tilgjengelege, meir stabile, rimelegare og ikkje minst meir komfortable. Det må verte meir attraktivt å nytte tog, båt og buss enn å køyre privatbil — ofte aleine.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Vi må skape ein vinn-vinn situasjon der vi både får miljøgevinst og auka reisekvalitet gjennom bruk av kollektive transportmiddel.

Møre og Romsdal Venstre vil vere pådrivar og tilretteleggjar for utviklinga av høgfartstog også til vårt fylke. Høgfartstog vil bli eit godt kollektivt reisetilbod i framtida. Møre og Romsdal må då ikkje falle utanfor. Høgfartstog mellom Trondheim og Oslo må difor leggjast gjennom Gudbrandsdalen.

Venstre vil innføre eit fylkesmiljøkort som er rimeleg i pris. Dette vil gjere kollektivtrafikken meir attraktiv for pendlarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**