Vil ha skuleinnhaldet på dagsordenen

Venstre i Hareid vil at kommunestyret skal vere skuleeigarar som tar ansvar og utviklar skulane i Hareid. – Då må vi vite kva som er bra og kva som er utfordringane for skulane i Hareid, seier leiar i Levekårsutvalet, Ole Frank Bakken, som i kommunestyret torsdag foreslår at formannskapet førebur ein temadag der kommunestyrerepresentantane får betre innsyn i skulekvardagen til borna i kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Det er gruppemøte i Venstre som har ønskt å gjere skulen meir tilgjengelge for politikarane slik at kommunestyret meir er i stand til å vere ein skikkeleg skuleiegar som gjer rette vedtak og prioriteringar for utvikling i skulen.

– Skulen i Hareid har vore gjennom ein vanskeleg strukturdebatt , og det har vore satsa svært mykje på å sette skulebygga og symjehallen i god stand, no sist med nybygg ved Hareid skule. No er det tid for å gå grundig inn i innhaldet i skulen for å sikre oss at vi er på rett veg, seier Ole Frank Bakken.

Han er sjølv lærar, men ser at skulen kan verke lukka for kommunestyrepolitikarar som elles ikkje har tilknyting til skulen. Det kan vere vanskeleg å få innsyn i kva som skjer innanfor skuleveggane.

– Venstre ønskjer å legge til grunn både arbeidsmiljøundersøkjingar, elevundersøkjingar og foreldreundersøkjingar i tillegg til samtalar med rektorar og lærarrepresentantar for å sjå om ressursane blir nytta rett, seier Ole Frank Bakken som også er heilt sikker på at det somme stader trengst meir ressursar for å gi borna den opplæringa og den opplevinga av skulen som vi ønskjer dei skal ha.

Men han viser også til at det ikkje alltid er samsvar mellom kor mykje pengar som blir sett inn i ein skule og kor mykje kunnskap og godt arbeidsmiljø for lærarar og elevar som kjem ut dersom ein samanliknar fleire skular.

– Vi vil mellom anna sjå på leiarkompetansen til skuleleiarane, korleis samarbeidet mellom heim og skule fungerer ,korleis ein skal få meir ro i skulen til læring og korleis ein skal stimulere dei svakaste elevane til læring.

Ole Frank bakken set i kommunestyremøte torsdag fram eit oversendingsframlegg der han inviterer kommunestyret til å bli med på å be formannskapet førebu ein temadag med fokuset på ansvaret kommunestyret har som skuleeigar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**