Venstre set skule på dagsorden i alle kommunar

Venstre vil sette skule på dagsorden i alle kommunar i Møre og Romsdal . Innhaldet i skulane våre er altfor viktig til at kommunepolitikarane ikkje skal ha innsyn, kunne debattere og prioritere tiltak i skulen på eit godt grunnlag, seier Gunn Berit Gjerde (V). Fylkespartiet har sett i gang eit omfattande fokus på skulekvardagen for elevane som skal gi lokalpolitikarane kunnskap om korleis skulen skal bli tema i kommunestyra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I dei fleste kommunar har skulen altfor lenge vore eit lukka system som lokalpolitikarane har har hatt vanskar med å få innsyn i. Dette har gjort at innhaldet i skulen har fått altfor lite fokus i kommunepolitikken og at det har vore gjort altfor få tiltak frå politikarane si side til å betre skulekvardagen for elevane og lærarane. Det kan også ha ført til at skulen ikkje har fått den merksemda og prioriteringane som trengst. Dette trass i at det i alle kommunar er eitt av dei største områda i budsjettet.

Venstre har difor sett i gang ein offensiv i alle kommunar der vi er representerte for å skaffe oss kunnskap om skulen både frå elevar, foreldre og lærarar. Vi vil ha elevundersøkjingar og foreldreundersøkjingar i tillegg til arbeidsmilkjøgranskingar og uttale frå lærarromma. Dette skal vere grunnlag for debatt og prioriteringar i kommunestyret.

Mange stader er budsjetta for knappe. Somme stader er det heilt sikkert behov for å sette av meir pengar på budsjettet. Men dei fleste plassar, kan vi få meir ut av kronene ved å nytte ressursane betre, seier Gjerde som også ønskje ein slik gjennomgang i den vidaregåande skulen i fylket i Undervisningsutvalet der ho er medlem..

Venstre vil ha ein gjennomgang av vikarbruken i skulen og sjå på om det kan gå ann å ha tilsett faste vikarar i staden for mykje tilfeldig vikarbruk i dag.. Vi vil også sjå på kompetansen til lærarane og skuleleiarane, korleis vi kan styrke leseopplæringa, måten vidareutdanninga og kursinga blir gjort på, om sjukefråveret kan reduserast og om fleire born som slit med psykiske problem kan bli fanga opp før. Vi vil også diskutere korleis vi kan styrke samarbeidet mellom heim og skule.

Ved samanlikningar mellom skular både mellom kommunar og innan same kommunen, ser vi at det slett ikkje alltid er samanheng mellom kor mykje pengar som er brukt i ein skule og kor mykje trivsel og kunnskap som er der, seier Gjerde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**