Gunn Berit Gjerde med i konsultasjonane med staten

Gunn Berit Gjerde, fylkespolitikar og tidlegare ordførar i Hareid, er oppnemnt til komiteen som skal ha konsultasjonar med staten om kommuneøkonomi, kommunale oppgåver og rammevilkår. Gunn Berit Gjerde er oppnemnt av hovedstyre i Kommunenes Sentralforbund(KS) og skal i sitt første møte med representantar frå regjeringa 18.april. Då er det rammevilkåra for skulen som står på dagsordenen framfor kommuneøkonomiproposisjonen og revidert statsbudsjett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Målet med dei faste konsultasjonsmøta med staten er å sikre lokaldemokratiske rammevilkår som gjer kommunane og fylkeskommunane til effektive tenesteprodusentar og gode samfunnsutviklarar.

Gunn Berit Gjerde er også oppnemnt til å representere lokale og regionale folkevalde frå Norge i Europarådet og skal saman med leiaren i KS, Halvdan Skard , vere med i " formannskapet " for Konmmunalkongressen i Europarådet for Norge.

Europarådet er sett saman av utanriksministrane i medlemslanda, representantar frå nasjonalforsamlingane og representatar frå lokale — og regionale folkevalde.

Kommunalkongressen er samansett av 315 folkevalde frå heile Europa. Norge har 5 delegatar til Kommunalkongressen.

Gunn Berit Gjerde vart vald inn i hovedstyre i KS under landsmøte i KS i Molde i februar i år.

Ho vart og vald som første varamedlem (fast møtande) til Venstre sitt sentralstyre på landsmøtet sist helg.

Les artikkelen i Vikebladet her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**