Nynorsk næringslivspris 2008 til Andreas Skjærli på Revsnes Hotell

Nynorsk næringslivspris for 2008 går til Revsnes Hotell ved Andreas Skjærli på Byglandsfjord. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er andre gong Mållaga på Agder deler ut ein slik pris.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


(Pressemelding frå mållaga på Agder)

Andreas Skjærli

Foto: Jan Kløvstad

Revsnes Hotell har endra seg frå å vere eit vanleg bokmålshotell til å vere ein utmerkt ambassadør for den nynorske målforma. Hotellet er eit prov på at nynorsk ikkje er til hinder for utvikling av eit livskraftig næringslivskonsept.

Revsnes Hotell har lagt seg til ei konsekvent nynorsk marknadsføring av sine kulturtilskipingar. I marknadsføringa dreg dei fram lokale tradisjonar frå eit breitt kulturliv, noko som styrkjer identiteten til verksemda. I den samanhengen er språket ein viktig faktor. Gjennomført bruk av nynorsk styrkjer inntrykket av ei solid og truverdig verksemd.

Agder-verksemder bør no kvar for seg vurdere om språket kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara, og då spesielt om bruk av nynorsk kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte.

Nynorsk næringslivpris har ein verdi av kroner 10.000 og vart delt ut på Byglandsfjord under utekonserten i hagen 2. juli. Prisen Skjærli mottok, var ein handstrikka lusegenser frå Setesdal Husflidssentral med sylvhekte frå Kirsten Bråten Berg og eit stort glasfat inngravert "Nynorsk næringslivspris 2008 Mållaga på Agder"frå Glashytta på Bygland.

Juryen har vore: Sigurd Haugsgjerd, Jan Kløvstad, Anne Tone Hageland, Anne Austad, Åslaug Haugå, Knut Homme og Astrid Myhre.

Jens Olai Justvik syng

Foto: Jan Kløvstad

Og før prisen blei delt ut, underheldt mellom andre Jens Olai Justvik for fleire hundre sommargjestar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**