Eigedomsskatt i heile kommunen?

Gol Venstre varsla i samband med budsjettbehandlinga i 2008 at partiet ville be om utgreiing av eigedomsskatt i heile kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Utgreiinga frå administrasjonen skal opp i formannskapet torsdag 23. oktober. Administrasjonen har ikkje framlegg til vedtak.

Gol kommune kjem har store utfordringar i budsjettarbeidet for 2009 og dei påfølgjande åra. Utgiftene står ikkje i høve til inntektene, etter at Gol kommune i samband med omlegginga av inntektssystemet til kommunane, kjem mykje dårlegare ut enn tidlegare år.

Gruppeleiar Hallvor Lilleslett meiner at kommunestyret ikkje har noko val. Utgreiingsarebeidet viser at eigedomsskatten har eit potensiale for nye inntekter. Kor store summar ein talar om, vil avhenge av korleis skatten blir innretta. I utgreiingsarbeidet blir det lagt opp til satsar på 500 til 1000 kroner pr eining. Det er eit omfattande arbeid som må gjerast før kommunen kan få desse skatteinntektene, så tidlegast i 2010 kan vi rekne med å få tilført desse skatteinntektene, meiner Lilleslett

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**