Gunvald renominert

På nominasjonsmøte i Førde 16. januar vart Gunvald renominert til førsteplassen på Sogn og Fjordane Venstre si stortingsvalliste. Ludvigsen er medlem av Stortinget sin helse og omsorgskomité og har gjort ein god jobb for Venstre og Sogn og Fjordane. og det var liten tvil om at han var renominert. Sveinung Rotevatn står som nr. 11 på lista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen

Etter Gunvald kjem Bjørg Mikalsen frå Florø som nr. 2 og Janne Sørum frå Leikanger har 3. plassen.

Bjørg Mikalsen

Bjørg Mikalsen

Bjørg Mikalsen, 63 år, lektor på Flora vidaregåande skule, bur i Florø. Bjørg har vore politisk aktiv i 30 år, er framleis med i kommunepolitikken i Flora. Bjørg har i denne stortingsperioden møtt fleire gonger på Stortinget som vara for Gunvald Ludvigsen.

Janne Sørum

Janne Sørum

Janne Sørum, 25 år, student, kjem frå Leikanger. Janne har vore politisk aktiv i fleire år og er leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ho er også fast spaltist i Sogn avis.

Sogn og Fjordane Venstre si stortingsvalliste 2009:

1. Gunvald Ludvigsen, Eid
2. Bjørg Mikalsen, Flora
3. Janne Sørum, Leikanger
4. Gunhild Berge Stang, Askvoll
5. Magnar Aasebø, Vågsøy
6. Sindre Roska, Førde
7. Astrid Taklo, Leikanger
8. Johnny Haugsbakk, Fjaler
9. Louis Anda, Sogndal
10. Marianne Øren, Lærdal
11. Sveinung Rotevatn, Eid

Sjå artikkel frå Sogn og Fjordane Venstre sine heimesider:
Ludvigsen på topp: Vil ha velferdsreform

Andre nyheiter om nominasjonen:
TV2nyhetene.no: Gunvald Ludvigsen kan få fire nye år på Stortinget.
Fjordabladet: Ludvigsen vil ha færre kommunar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**