Referat frå årsmøte 21.01.09

Sak 1: Innkalling og sakliste
Sak 2: Val av ordstyrar og referent
Sak 3: Orientering frå arbeidet i kommunestyret
Sak 4: Årsmelding
Sak 5. Rekneskap inkludert kontingent
Sak 6: Val
Sak 7: Val av utsendingar til fylkesårsmøte
Sak 8: Eventuelt
Matykt og loddsal

14 frammøtte

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Sak 1: Innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste godkjent.

Sak 2: Val av ordstyrar og referent
Ordstyrar: Gunn Berit Gjerde
Referent: Ann Helen G. Worren

Sak 3: Orientering frå arbeidet i kommunestyre/ formannsskap
Einar Warholm orienterer om det aktuelle arbeidet.
Refererer frå eit besøk i Volda, Furene AS, arbeidsmarknadsbedrift. God bedrift.
Foredrag av professor i økonomi, Arild Hervik, om aktuell næringspolitikk, og han har tru på at vår region vil klare seg bra i den finansielle krisa som no er over oss.

Frå formannskapet:
Alle kan no sjå kommunestyremøte og formannskapsmøte på nett. Kan anbefalast.
Også alle dokument ligg tilgjengeleg på nett.
Dei mest aktuelle sakene i 2008 har vore:
Landskapsplanen på Risneset, Hjørungavåg.
Hareid hamn er ikkje vakker i retning Brandal, skal lagast plan for dette området.
Rundkøyringa på Holstad, vil også måtte sjåast i samanheng med hovudtrafikken gjennom Hareidsdalen.
Bygdetunet Vonheim
Sulafjordprosjektet, ei forlenging av arbeidet med kabel i staden for luftlinje. No vert all kabel lagt i bakken fram til Rise.
Fast speleplass for Hjørungavågspelet er no ute til høyring.
Kommunale bustadar for flyktningar, medførte eit "innbyggarinitiativ", fyrste gong i Hareid.
Klimaplan for Hareid kommune, skal ha folkemøte i morgon. Venstre (ved Annika) er med i arbeidsgruppa, og Venstre fremja saka i kommunestyret
Ynskje om djupvasskai ved Ulstein Marine Techn. og Stromek.
Byggjefelt på Rise.
Legevaktsaka.
Rullering av kommuneplan arealforvaltning. Vegar, rundkøyring, byggjefelt, landbruk, mm.
Handlingsprogrammet for 2010-2012: inkl driftsbudsjett og investeringsbudsjett.
Byggjefelt på Holstad, 110 tomter, av desse er 14 utbygde. Dette vil gjere behovet stort for utbetringar i forhold til riksvegen.

Annika Brandal: Er med i prosjektgruppa som arbeider fram klimaplanen med fokus på Forbruk, energi, avfall, transport. Planen kan seie noko om til dømes kva kommunen ynskjer at nye husbyggjarar skal vurdere, om vi ynskjer sentralkompostering på SSR, krav om auka bruk av elbil for kommunalt tilsette, ladepunkt for elbilar, kollektivtransport, haldningsskapande arbeid i skule og barnehage, sykkelvegar… Samarbeid m. 9 kommunar.

Ole Frank Bakken: Levekårsutvalet har fått gjennomslag for at det vert sett fokus på skulen.

Viktig at alle som har meiningar om saker i utval og kommunestyre kjem fram med det.
Oppmoding om at fleire skal kome på gruppemøte måndag før kommunestyremøta.

Gunn Berit Gjerde:
Det er store utbyggingar og reguleringsplanar i arbeid no, viktig at Venstrefolk har to tankar i hovudet og tenker både på næringsliv/utvikling og miljø/ å ta vare på det som er viktig å ta vare på for ettertida.
Det vil bli knappheit på friområde og strandområde, og vi må tenke på å legge til rette for at slike område kan verte brukte av innbyggarane i kommunen. Vi må ta vare på det som er unikt. Klimaplanen er viktig for Venstre, det var Venstre som drog den i gang i starten.

Det kan godt kallast inn til medlemsmøte dersom kommunestyregruppa ynskjer å ha støtte i vanskelege saker. Det kan vitalisere resten av medlemsmassen.

Roger Korsnes: Innspel om fiskeripolitikk, og alvorleg uro omkring oppdrettslaks som spreier resistent lakselus til villaks.
VEDTAK: Ein resolusjon vert sendt til fylkesårsmøtet som går på oppdrett og avstand mellom mærene for å hindre spreiing av sjukdom. Roger Korsnes og Gunn Berit Gjerde får fullmakt til å føre denne i pennen.

Sak 4: Årsmelding
Kommentar på at det er få styremøte, berre 2 i løpet av siste arbeidsår. Det bør vere fleire
Mange medlemer har ikkje betalt siste åra, det varierer sterkt kven som er betalande medlemer. Det nye styret tek tak i dette.
Årsmeldinga vart godkjent.

Sak 5. Rekneskap inkludert kontingent
Rekneskapen vart godkjent.
Endring av medlemskontingenten vart diskutert, men ikkje endra i år heller.

Blomar og heider til Kåre Grimstad, med takk for mange år i styret, fyrst som sekretær og sidan som kasserar.

Sak 6: Val
Valnemnda sitt framlegg vart godkjent. Det nye styret ser slik ut:
Leiar: Annika Brandal 1 år
Nestleiar: Gunn Berit Gjerde 2 år
Kasserar Sølvi Abelsen Sjåstad 2 år
Sekretær Ann Helen Grimstad Worren (1 år til)
Styremedlem: Laksan Vijayarathnam 2 år
1. varamedlem: Åse Kristensen Pilskog (1 år til)
2. varamedlem: Eva Britt Grimstad Jøranli 2 år

Valnemnd:
Ole Frank Bakken
Eirik Holmen
Revisor:
Steinar Grimstad

Sak 7. Val av utsendingar til fylkesårsmøte
Hareid Venstre kan sende 4 representantar til fylkesårsmøte i Ålesund 31.januar-1. februar.
Drøfting omkring nominasjonen til valet, to ulike lister ligg føre.
Einar Warholm
Ole Frank Bakken
Gunn Berit Gjerde
Ann Helen G. Worren og Åse K. Pilskog deler på helga, Ann Helen laurdag og Åse søndag.
Eirik Holmen er vara laurdag. Greta Kirkebø er vara søndag.

Eventuelt:
Laksan tek opp at Hareid kommune ikkje har råd til å ta imot lærlingar, noko som er svært uheldig .Rekrutteringsmessig er det viktig å ha både lærlings- og praksisplassar i kommunen. Dette vil Ole Frank ta med til levekårsutvalet.

Åse tek opp at golvet i Hareidhallen har fått stygg medfart, særleg på grunn av amfiet.. Einar W opplyser at dette alt er ei sak som er under arbeid, og kan vere ei sak som skal takast med leverandøren av amfiet.

Mat og loddsal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**