Helseministeren utan lovnader til ny ruspost på Nordfjordeid

Venstres Gunvald Ludvigsen utfordra helseministeren i dagens spørretime om oppstarten av den nye rusposten på Nordfjordeid som står ferdig i september 2009. — Eit innhaldslaust svar frå Bjarne Håkon Hanssen, utan nokon form for lovnader etterlot eit arrogant inntrykk, meiner Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

På Nordfjordeid er det under bygging ein ruspost med ti plassar for unge vaksne. Den nye rusposten vil stå ferdig i september 2009 og driftsstart har vore planlagt til umiddelbart etter ferdigstilling av byggeprosjektet. Men manglande avklaringar om driftsstart kan gjere at den nybygde rusposten blir ståande tom.

– Helsekøane består ikkje minst av ei svak gruppe, nemleg ruspasientane. 4000 rusmisbrukarar står i kø for behandling, samstundes som helseministeren seier at rus er eit satsingsområde. Dersom ikkje Helse Førde får avklaringar om oppstart snarast, kan ikkje drifta av rusposten komme i gang før seint i 2010, sa Ludvigsen under Stortingets spørretime i dag.

Han ba helseministeren om ei avklaring slik at Helse Førde kan starte opp med heilt naudsynt rusbehandling på den nye posten tidleg i 2010.

– Svaret var enkelt og greit ei lang oppramsing over tiltak regjeringa har på rusfeltet og som dei har støtte for i Stortinget, men ikkje eit ord om ministeren tenkjer å gje nokre signal om åpning av posten på Nordfjordeid. Skuffande og nærast arrogant når vi veit at Helse Førde er klar til å opprette eit godt tilbod til ei gruppe som sårt treng samfunnet si hjelp, seier Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**