Utbygging bit for bit

Innlegg i Os og Fusaposten april 2009, av Lilliann Agasøster

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Utbygging bit for bit

No om dagen skjer det noko i Os kommune omtrent kvar veke, som gjeld utbygging eller kanskje nedbygging av Osbygda. Ei veke er det kjempeplan om utbygging av eitt område, neste veke eit anna. Der naboer eller andre protesterar, og er meir eller mindre i sjokk eller er fortvilte. Men naboar og opposisjonspolitikarar vert tia i hjell, og nedstemde.

Og så skjer utbygging bit for bit. Mange av oss ser på — hjelpelause over heile utviklinga.

Kan vi gjera noko?
Kva kan vi gjera? Kan vi skape ein debatt over dette temaet i Os? Kva utbyggjingspolitikk vil Osingane ha? Blir vi spurde? Og kva framdrift vil vi ha? Vil vi ha 20.000 innbyggjarar eller fleire i Os på kort sikt — eller i det heile? Ordfører Terje Søviknes sa på et møte på Nore Neset (om Os sjøftront). "Når ny riksveg 39 er ferdig, kjem det 20.000 mennesker til Os, enten vi vil eller ikkje". Vel, vil det det? Om Os kommune ikkje legg til rette for det — kvar skal dei då bu?

Naturleg utvikling vert det, men vi må sjå på heilskapen i utviklinga i Os.

Osingane må styre utviklinga
Vi må sjølve veta kva område vi vil byggja ut. All utbygging i ein kommune skal styrast ut frå ein felles overordna plan, kommuneplanen. I Os ser det ut til at denne planen er gløymd. Kva områder vil vi ofre til byggjeland? Vil vi ta dyrka mark? Vil vi ta friluftsområder? Turområder? Rekreasjonsområder? Som Bjånesmarka, eller Drange. Eller skal vi ta estetiske område, som resten av Borgarbygda eller innseilinga til Os havn?

Vi må sjå på bygda Os i eit større perspektiv
Vi må ta omsyn til både dei som bur i Os i dag og til dei som kjem etter oss. Til dømes vil bygging av kaianlegg i fjøresteinane øydeleggja stranda for all tid, som i Solstrandsfjøro. Med innseglinga til Os er det sameleis. Kulturhuset, som øydelegg ikkje stranda, og kan liggja som planlagt, eller trekt innover. Eit kulturhus vil verte brukt av dei fleste Osingar, både i dag og i framtida. Den andre sia av vågen er alt utbygd i dag, og nå skjer endringane på vestsida også.

Dyrka mark blir viktigare
Å ta dyrka mark til utbygging i dag er lite framsynt, når vi både i Noreg og i verdsmålestokk har for lite jord å dyrka på. I dag kjøper investorer jord over hele verden for å dyrka mat. Skal vi øydeleggja desse "investeringsobjekta" her?

Få inngrepsfrie områder att
Ser vi bort frå fjellområda er det få inngrepsfrie områder att i Os. Vi har nokre små friluftsområder her og der. Vi har Endelausmarka, som blir nedbygd. Og vi har Bjånesmarka. Vi må derfor krevja konsekvensutgreiing slik at mellom anna det biologiske mangfaldet, dyre- og fuglelivet vert kartlagt. Det er fleire turstiar og ein strand der, samt eit unikt nes. Bør deler av marka derfor fredast?

Kva vil 2000 bueiningar føra til i dette vakre området? Kva vil minst 4.000 personer, som skal køyra gjennom Osøyro dagleg, bety for vegar, skular og anna infrastruktur? Andre områder som Borgarbygda og Drange vil også gi oss tilsvarande scenarier.

Det er tal som viser at 90% av alle turistar kjem på grunn av urørt natur og stillhet. Vil vi øydeleggja meir av den?

Diskusjon og aksjon
Kvar skal vi så byggja ut? I Endelausmarka får vi i alle fall veg, så her kan det verta eit stort område som er eigna for utbygging. Vi skulle her ha nok stoff til bakgrunn for diskusjon og aksjon!

Lilliann Agasøster

Os Venstre

Utbygging i strandsonen

Foto: Tore Rykkel

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**