– La oss forsøke provisoriske midtdelar der det er flest barn langs E18, foreslår Venstre i Arendal og Tvedestrand

– La oss forsøke provisoriske midtdeler der det er flest barn langs E18 mellom Arendal og Tvedestrand, foreslår Venstres kommunestyremedlemer i Arendal og Tvedestrand, Anne Tørå Solsvik, Line Øvernes Mørch og Jan Kløvstad. Dei peikar på Bjornesvegen (vegen til Lonaåsen og Granestua), Nesheim skole, Brekka med idrettsplass og stort hestesenter og Holt skole.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

E18 bremsespor Brekka 1

Foto: Jan Kløvstad

E18 mellom Arendal og Tvedestrand er ein farleg veg. Venstre har talt 161 av- og påkøyringar direkte til Europavegen, og Vegvesenet sine tal viser over 11 500 bilar i gjennomsnitt kvart døgn heile året.

Den typiske ulykka på E18 mellom Arendal og Tvedestrand er knytta til at ein bilførar bremsar ned og kryssar vegen, – og så blir det kollisjon mellom bilar bakover i køen. Fleire gomnger kvar månad har vi slike ulykker.

– La oss nå ta ein forsøksperiode på for eksempel 3 år og gjere som ved Rugtvedtmyra i Bamble og i Søgne/Songdalen, og sette opp provioriske smale svart/gule midtskiller der det er flest barn langs E18. Sett opp midtskiller. Forslaga våre gjeld strekningar i 60-grense, pluss i 70km-området ved Holt skole. Og la oss vere heilt konkrete, seier dei tre kommunestyremedlemene:

1. Bjornesvegen
På Lonaåsen bur det nå over 30 barn, og i helgene er det også stor trafikk opp mot Granestua. Sett opp midtskiller mellom siste avkøyring sørfrå før Bjornesvegen, ca 60-80 meter. Og frå nord 100 meters midtskille som stoppar like før traktoravkøyringa til jordet på vestsida av vegen.

2. Nesheim skole
Over 90 skolebarn og rundt 20 barnehagebarn er på Nesheim skole kvar dag. Frå sør er det to avkøyringar like før skolen. Sett opp to korte midtskillestrekningar for å få bremsa ned. Frå nord er det mogleg med med midtskille mellom Lindstølen og bussinnkøyringa til Nesheim skole.

3. Brekka
Vest for E18 har Austre Moland idrettslag imponerande aktivitet på idrettsplassen dei fleste ettermiddagar og kveldar, og Stall Siring har godt over 300 ungdommar på dagtid og kveldstid kvar veke. Aust for vegen går vegen ned til Austre Moland kirke. Avkøyringane både mot vest og aust er på ein bakkekam, og lite oversiktleg. Om vi får smale midtskiller dei siste 100 meter før krysset frå sør og smale midtskiller på to korte strekningar like før avkøyringa frå nord, vil det gjere avkøyringane tryggare.

4. Holt skole
Holt skole har 100 elevar og ligg vest for E18 på ei strekning med Strengselva tett inntil vegen på austsida. Det har vore fleire ulykker her. Frå sør kan det vere inntil 100 meter med smalt midtskille og frå nord smalt midtskille 40-60 meter mellom Holt bedehus og avkøyringa til Holt skole. Avkøyringa til Holt skole er også den eine av to avkøyringar til landbruksskolen.

5. Det er også grunn til å vurdere tiltak andre stadar, som ved vegkryssa midt på Goderstadsletta, Gliddidumpa mellom Fiansvingen og Myklebostad/Englegaard og truleg også fleire andre strekningar.

Venstre i Arendal og Tvedestrand utfordrar vegvesenet til konkret svar på forslaget vårt, – med målsetting om å hindre flest mogleg ulykker på E18.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**