Med kunnskap og utdanning i sentrum — vellukka valkampopning i Volda

Møre og Romsdal Venstre hadde lagt valkampopninga til Høgskulen i Volda på historisk grunn i den gamle lærarskulebygget. Dei om lag 40 frammøtte fekk oppleve 1. kandidat Leif Helge Kongshaug i storform og ein engasjert og inspirerande Odd Einar Dørum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


I sitt innlegg gav Dørum, som har vore skulepolitisk talsmann i Venstre denne stortingsperioden, stafettpinnen for å gå føre i Venstres satsing på kunnskap, utdanning og forsking vidare til Leif Helge Kongshaug. Kongshaug er Venstres 1. kandidat i Møre og Romsdal, medan Dørum ikkje stiller til attval.

Kongshaug, som har lærarutdanning frå Volda, tok utfordringa og fortalde mellom anna om sin tid som student ved lærarskulen i Volda. Kongshaug er kanskje mest kjent som ein sentral næringspolitikar og næringspolitisk talsmann i Venstre, og la vekt på sambandet mellom kunnskap og næring:

– Det er gjennom ein god skule og gode utdanningsinstitusjonar vi byggjer kunnskapssamfunnet. Gjennom kunnskapssamfunnet byggjer vi eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv og framtidas arbeidsplassar, sa Kongshaug.

Venstrepolitikarane var i møte med leiinga ved Høgskulen i Volda tidlegare på dagen. Der fekk dei vite at Høgskulen ikkje utdannar nok lærarar til å erstatte dei som går av i regionen i åra framover. Ein reknar i åra framover med å måtte rekruttere 300 nye lærarar kvart år i Møre og Romsdal. Ved Høgskulen i Volda utdannar ein i om lag 70.

– Utfordringa dette inneber må vi gripe tak i, sa Kongshaug. Vi må prioritere skule og lærarutdanninga i statsbudsjetta og sørgje for at skulen har nok gode og godt kvalifiserte lærarar.

Dørum trakk også fram læraren:

– For å sikre ein god skule må vi tore å ta grep, og da nytter det ikkje å prioritere frukt og lengre skuledag. Vi må prioritere læraren, den gode, kunnskapsrike og myndige lærar som får tid og moglegheit til fagleg fornying. Vi må ha løp for fagleg påfyll for lærarane, og dessutan løp for dei mange dyktige menneska som jobbar i skulen, men manglar formelle kvalifikasjonar.

Kongshaug kom også inn på kampen mellom fløyene i norsk politikk. “Jens eller Jensen” har så langt gått igjen i valkampen, men løysinga ligg – i følgje Kongshaug – ikkje verken på høgre- eller venstresida i politikken.

– Dei gode og framtidsretta løysingane er forankra i sentrum, sa Kongshaug og avslutta: “Jens og Jensen er vi lei, difor vel vi den tredje vei!”

Les også artikkel i Sunnmørsposten her.

Og i Romsdals Budstikke her.

Og artikkel i Tidens Krav her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**