VEGEN VIDARE FOR VENSTRE

Møre og Romsdal Venstre vil med dette invitere deg til ei samling. Vi vil oppsummere valkampen og valresultatet og sjå på status for lokallaga og fylkeslaget, men hovudfokuset skal vere vegen vidare for Venstre.
Vi har mange aktive kommunestyrerepresentantar, ei aktiv fylkestingsgruppe, mange nye medlemar og ikkje minst ein politikk og eit program vi er stolte av.
Dette er eit flott utgangspunkt og ein viktig plattform for å starte arbeidet med å kome oss opp igjen på det nivået vi var før valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Samlinga vil bli arrangert:
Tid: frå fredag 30.oktober kl 1830 til laurdag 31.oktober kl 1400.
Stad: Alexandra hotell, Molde
Pris: kr 1295,- heilpensjon i enkeltrom
kr 1095,- heilpensjon i dobbeltrom

For dei som ikkje overnattar på hotellet:
kr 400,- dagpakke (laurdag)
kr 345,- middag fredag

Alle deltakarane må sjølve gjere opp med hotellet.

Målgruppe: Alle venstremedlemar. Spesielt ønskjer vi at lokallagsleiarar og kommune-
styrerepresentantar møter. Vi ønskjer også nye medlemmar særleg velkomne.

Vi ber om at lokallagsleiarane sender invitasjonen vidare til dei som sitt i
kommunestyra/bystyre og til dei nye medlemmane . Send samstundes ein stadfesting til [email protected] om at dette er gjort

Påmelding: innan 26. oktober 2009.
Til: [email protected] eller SMS til 92250303.

PROGRAM
Fredag 30. oktober
Kl. 1830 — 2000 Registrering
Opning v/fylkesleiar Trond Hansen Riise
Oppsummering av valkampen
Status for lokallaga
Arbeidet i kommunestyra/bystyra/fylkestinget

Kl. 2030 Middag
Sosial samvær
Laurdag 31. oktober

Kl 0900 — 1000 Refleksjonar og innspel til arbeidet vidare
v/generalsekretær Terje Breivik

kl 1000 — 1015 Pause

Kl 1015 — 1145 Politisk diskusjon
Aktuelle politiske saker
Vegen vidare
Kven skal vi samarbeide med
venstreskulen

kl 1145 — 1200 Pause

kl 1200 — 1300 Inndeling i seksjonar

Seksjon A — grupper etter geografisk
inndeling Seksjon B — Eiga samling for nye medlemar
Problemstillingar til drøfting:
Kva kan fylkeslaget gjere framover for å styrke organisasjonen
Kva for grep bør vi gjere fram mot lokal- og fylkestingsvalet i 2011
Kan ulike former for regionale samarbeid mellom lokallag og kommunestyre-representantar frå fleire kommunar bli utvikla vidare og/eller være aktuelle
Korleis skal ein i den einskilde kommune arbeide fram mot lokalvalet i 2011
Andre aktuelle spørsmål Spørsmål til drøfting:
Å vere engasjert i Venstre
Nye medlemmar sine forventningar
Kort om organisasjonen
(kven gjer kva; om kva som skjer gjennom året og Unge Venstre
Muligheit for kursing (Venstreskulen)

Kl 1300 — 1330 Kort oppsummering i plenum av arbeidet i gruppene
Avslutning v/fylkesleiar

kl 1330 — 1400 Lunsj

Samlinga blir avslutta med lunsj.

Neste samling blir Fylkesårsmøtet i Kristiansund 6. og 7. februar 2010.

Med helsing

Trond Hansen Riise
fylkesleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**