Kabling av kraftlina vil gi raskast og best løysing!

Det er på tide at vi spanderer litt på miljø, friluftsliv og reiseliv no, seier Gunn Berit Gjerde(V). Ho meiner den siste rapporten om kraftlina Øtrskog-Fardal er tydeleg nok:. Fagutgreiing om biologisk mangfald, kulturmiljø, landbruk og frislufsliv, reiseliv og fritidsbustader kjem med klar tale for kabling på land og i sjø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Med dei stor inntektene som staten tar inn på kraft i desse dagar, må vi kunne bruke noko ekstra på å bygge ei line som tek omsyn til folk og miljø. Den nye høgspentlina som skal bygast mellom Ørskog og Fardal skal byggast for minst 50 år! Ved å sjå lina i eit slikt perspektiv , er ikkje 2,2 milliardar kroner så fælt mykje penger. I alle fall om vi samanliknar med kostnadene på dei forureinande gasskraftverka som er monterte i fylket vårt. Dei ekstrakostnadene toler vi godt, meiner venstrepolitikaren. Det er ikkje dette som avgjer kor mykje vi må betale for kwh i framtida.

Kraftledninger

Foto: Henrik Østerman

Vi kan dessutan sanke verdfull erfaring med å bygge og drifte slike liner på land og i sjø. Vi må ikkje vere så redde for å prøve ut nye teknologiar at vi ikkje får framover, hevdar Gunn Berit Gjerde som i tillegg meiner at ved ei kabling i dei mest sårbare områda, vil det bli mindre protestar og protesthandsaming. Sakshandsaminga går raskare og vi kan få lina raskare på plass. For det trengst slik forsyningssituasjonen til Møre og Romsdal er. Det er linekapasiteten som gjer at vi er eige prisområde og har høgare pris enn somme andre delar av landet vårt.

Kraftledninger

Foto: Henrik Østerman

Kraftledninger

Foto: Henrik Østerman

Kraftledninger

Foto: Henrik Østerman

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**