– Skuffande av regjeringa!

I dag vart det kunngjort at Statnett får løyve til å bygga monstermastene i Hardanger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Kvinnherad Venstre beklagar at det vert gitt slikt løyve utan at alternativ med sjø- og jordkabel har vorte vurdert.

Å bygga i natur heilt utan inngrep er ikkje god miljøpolitikk, og det kan synast som avgjerda er vald fordi den er den rimelegaste. På den andre sida har vi ikkje fått vite kva prislapp som er på andre alternativ, rett og slett fordi det ikkje har vore innhenta prisar på dette.

Det er skuffande at Regjeringa no tek denne beslutninga. Leiar i Hordaland Venstre har tidlegare uttalt at ho trudde avgjerda alt var teken når Statnett sendte ut anbodet før påske, og trass forsikringar frå Statsråden om at så ikkje var tilfelle, er ikkje tvilen mindre idag. Andre alternativ er framleis ikkje utgreidde og henta inn pris på.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**