Bedriftsbesøk til Norgesvinduet Bjørlo

Eid Venstre har vore på bedriftsbesøk i samband med haustkampanjen 1000 bedrifter på 20 dagar. Vi vitja Bjørlo Trevarefabrikk – Norgesvinduet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bjørlo Trevarefabrikk

Bjørlo Trevarefabrikk AS har lange tradisjonar innan trevarebransjen. Bedrifta blei etablert i 1918 av brødrene Bjørlo. Dei fyrste åra produserte dei treprodukt for levering i nærområdet. Etter kvart som bedrifta utvikla seg vart den meir spesialisert på dører og vinduer. I 1959 var Bjørlo Trevarefabrikk AS ein av to bedrifter som starta å produsere H-vindu.

1000 bedrifter på 20 dager

Foto: Eid Venstre

Norgesvinduet har Bjørlo Trevarefabrikk AS vore med å utvikle og produsere sidan 1991. Dei er eit familie-eigd aksjeselskap, som har 150 medarbeidarar på Eid og 50 i Polen.

Dei fekk den nasjonale miljøprisen Glassbjørnen i 2005. Den prisen fekk dei for å ha utvikla ein metode som gjer det mogeleg å bruke kjerneved frå furu og lerk i vindauge og balkongdører. Dermed har dei fjerna eit årleg forbruk på 50 tonn ureinande impregneringsvæske.

Bjørlo Trevarefabrikk

Foto: Eid Venstre

Administrerande direktør, Roald Starheim viste oss rundt i produksjonslokala og fortalte om bedrifta og deira visjon "Nordfjord, ein stad å bo." Å vere lokalisert på Eid gjev ikkje konkurransefordelar. Motiverte medarbeidarar som ynskjer å bu her er eit stort pluss. Dersom formueskatten vert fjerna ville det være bra. Likeså treng vi ei haldningsendring til arbeid her i landet.

Eid Venstre takkar Bjørlo Trervarefabrikk AS som ville ta i mot oss.

1000 bedrifter på 20 dager
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**