Inkonsekvens eller ansvarsfråskriving, Oskar Grimstad?

(Lesarinnlegg, Gunn Berit Gjerde) Det er av og til ein kan ha problem med å fatte det ein les og må lese opp att for å sjå om ein har lese feil. Slik var det her eine dagen då Sunnmørsposten skreiv om at stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) fryktar togskvis. Han ber fylkespolitikarane vakne etter at det ser ut som byane i Møre og Romsdal ikkje er med i utgreiingane om høgfartsbane på strekninga Oslo — Trondheim.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Fylkespolitikarar frå AP, SP, Venstre og SV har vore vakne lenge og sett kva som er i ferd med å skje med fylket vårt: At det lett kan hende at det er Østerdalen som blir aktuell for høgfartsbane medan Gubrandsdalen blir tapar — og dermed også Møre og Romsdal. Dei har fremja forslag og stemt positivt for høgfartsbane i mange omgangar. Det har også fleire gongar vore åtvara mot at vi kunne bli akterutseilte.

Men Frp-gruppa på fylkestinget har sagt nei,nei,nei – antan dei har vore leia av Oskar Grimstad eller Frank Sve. For det første har dei stemt mot alle gongar det har vore fremja uttale om å få høgfatrtsbane til Møre og Romsdal, så har dei tala sterkt imot hurtigtog frå talarstolen i fylkestinget og frå representantplass i fylkestuvalet, for å avslutte med å røyste mot at fylket skulle løyve pengar for å gjere utgreiinga om høgfartsbane mellom Dombås og Ålesund , noko som kan få fylket vårt på banen.

Det er vanskeleg å få det til å stemme at han no skal bli den store pulsfølaren i Oslo og sende varsku oppover her til oss. Han seier rett nok i intervjuet at han har eit ambivalent forhold til jernbanesatsinga – og at dette er ein skinnmanøver frå venstresida i norsk politikk for å tildekke dei store manglane innan norsk samferdsel. På denne måten tilstår han at han ikkje akkurat har ivra for høgfartsbane. Men det er ikkje akkurat ambvivalens Frp har uttrykt i alle saker som har handla om høgfartsbane. Det har vore klart og overtydeleg avvist. Og seier ein nei takk til å stige om bord etter mange invitasjonar , så er det vel litt rart å skulde dei andre som har gått om bord og funne seta sine for at ein sjølv vart for sein. Det er ikkje til å tru!

Grimstad peikar på at Møre og Romsdal lir av at ingen på Møre benken har sete i transport- og kommunikasjonskomiteen. Men i denne saka kan vi alle fall vere glad for at ingen frå Frp i Møre og Romsdal er med der.

Gunn Berit Gjerde
Fylkestingsrepr. Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**