Alfred Bjørlo toppar sterk Venstre-liste i Eid

Eid Venstre er, som første parti i Eid, klar med si liste til kommunestyrevalet i Eid 2011. Lista er toppa av dagleg leiar i Måløy Vekst Alfred Bjørlo, butikksjef på Vinmonopolet Brit Moa, psykiatrisk sjukepleiar Arild Nøstdal og frisør/sjølvstendig næringsdrivande Inge Adelsten Engebretsen. Venstre stiller med 35 namn på si valliste.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Alfred Bjørlo, Britt Moa, Arild Nøstdal og Inge Adelsten Engebretsen

Alfred Bjørlo, Britt Moa, Arild Nøstdal og Inge Adelsten Engebretsen

– Eid Venstre er stolte over å kunne presentere ei så sterk og mangfaldig liste, seier nyvald leiar i Eid Venstre, Gunvald Ludvigsen. Vi har med folk i alle aldrar, med variert yrkesbakgrunn og frå alle delar av kommunen. Vi har også ei god blanding av politisk rutine og "friskt blod". Dersom veljarane i Eid sluttar opp om Venstre-lista, kan Venstre syte for ei nødvendig fornying av politikken i Eid kommune. Vi har også ein klar ordførarkandidat i vår toppkandidat Alfred Bjørlo. Eg tar det som eit svært godt teikn at vi har fått med heile 35 namn på lista og at vi har lista ferdig som første parti på Eid. 35 namn er elles det meste det er lov å ha på kommunestyrevallista i Eid, opplyser Ludvigsen.

– Eg ser med glede fram til å bidra til ei fornying av politikken i Eid, saman med alle dei flinke folka som no stiller til val for Venstre, seier Eid Venstre sin toppkandidat Alfred Bjørlo. Dei siste åra har Eid og Nordfjord blitt taparar i viktige saker som sjukehus, kraftlinjer og statlege arbeidsplassar. I alle desse sakene har ein kome alt for seint på bana og berre kjempa for å "berge stumpane". Eg håpar å kunne tilføre politikken i Eid ny gnist og ei offensiv haldning til vekst og utvikling. Venstre skal også gå i bresjen for å invitere til lagspel med resten av Nordfjord, inkludert kystkommunane. Slik kan Nordfjord bli den framtidsretta vekstregionen vi bør ta mål av oss til å vere, til beste både for Eid og nabokommunane, seier Alfred Bjørlo.

For kommentarar:
– Leiar i Eid Venstre, Gunvald Ludvigsen, mobiltlf 480 91 488
– Førstekandidat Alfred Bjørlo, mobiltlf 480 82 652

Venstre si liste til kommunestyrevalet i Eid 2011 er som følgjer (nr 1 og 2 er kumulert):

1 Alfred Bjørlo, 1972 – Dagleg leiar
2 Brit Moa, 1950 – Butikksjef

3 Arild Nøstdal, 1978 – Psykiatrisk sjukepleiar
4 Inge Adelsten Engebretsen, 1971 – Frisør
5 Per Arild Alsaker, 1971 – Miljøterapeut
6 Kirsti Ohrvik Olsen, 1969 – Helsefagarbeidar
7 Edgar Flo, 1976 – Sjølvstendig næringsdrivande
8 Ådne Sølvberg, 1960 – Snikkar
9 Pål Tore Jacobsen, 1958 – Elektrikar
10 Kathrine Berg, 1973 – Gullsmed
11 Vidar Rasmussen, 1946 – Lærar
12 Hilde Henriksen, 1953 – Bioingeniør
13 Stein Åke Berteig, 1974 – Gartnar
14 Anne Britt Andersen, 1956 – Lektor
15 Steinar Engeland , 1961 – Grafisk designer
16 Liv Marit Øvstebø, 1952 – Lærar
17 Webjørn Moa, 1948 – Lensmann
18 Sylvia Hammersvik, 1949 – Sosionom
19 Eivind Bjørke, 1968 – Lensmannsbetjent
20 Svanhild Otterøy Lothe, 1944 – Guide
21 Jon-Reidar Eikås, 1958 – Tannlege
22 Kari Lothe, 1956 – Kontorsjef
23 Sveinung Rotevatn, 1987 – Student
24 Siri Nordnes, 1978 – Førskulelærar
25 Geir Moldestad, 1977 – Fysioterapeut
26 Linda Gotteberg, 1968 – Helsesøster
27 Steinar Furnes, 1981 – Lektor
28 Jorunn Breiteig, 1963 – Sosionom
29 Roald Antonsen, 1944 – Butikkeigar
30 Grete Dahl Sandven, 1953 – Helsesøster
31 Oddbjørn Melheim, 1987 – Student
32 Unn Elin Carlsen, 1965 – Musikklærar
33 Arne Steen Bjørlo, 1947 – Rørleggar
34 Siv Langøen Rotevatn, 1958 – Fysioterapeut
35 Gunvald Ludvigsen, 1949 – Administrasjonssjef

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**