Invitasjon til politisk dugnad tysdag 22. mars

Eid Venstre vil med dette ønskje alle nye og gamle medlemmer og listekandidatar for Venstre i Eid velkomne på laget! Vi inviterer listekandidatar og medlemmer til politisk dugnad tysdag 22. mars, kl 18-22 i kommunestyresalen i Eid Rådhus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Vi går ei spennande tid i møte fram til 12. september. Med felles innsats og engasjement har vi ein gyllen sjanse til å gjere eit godt val, slik at Venstre etter valet kan gi "ny gnist" til politikken i Eid og legge til rette for ein endå betre kommune å bu i.

For at fleire skal få vere med å påverke kva politiske saker og prioriteringar Venstre i Eid skal gå til val på, ønskjer vi å invitere til ein "politisk dugnad" tysdag 22. mars på Eid Rådhus. Målet med kvelden — i tillegg til å møtast og bli betre kjende – er at alle medlemmer og listekandidatar skal få sjansen til å bidra med sitt syn om kva som er viktigast i kommunepolitikken i Eid dei neste fire åra:

· Skule, helse/sosial, næring, kultur, areal/miljø eller heilt andre ting?
· Kva meiner du er viktigast akkurat no for å få "ny fart" på Eid — auke tilflyttinga og få nye næringsetableringar?
· Kva enkeltsaker brenn du for og ønskjer at Venstre skal fronte i Eid?
· Kva skal Venstre i Eid meine om store "strukturelle" saker vi veit vil kome på dagsorden (eigedomsskatt, kommunesamanslåing/regionsamarbeid i Nordfjord, skulestruktur, bygging av ny sjukeheim osv.)?
· Korleis og på kva område kan du tenke deg å bidra fram mot valet (utforme politikk, skrive lesarbrev/fronte Venstre i sosiale medium, vere med på "praktisk dugnadsarbeid" eller andre ting)?

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen

I botn ligg sjølvsagt Venstre sin sosialliberale politiske ståstad. Les deg gjerne opp på Venstre sitt prinsipprogram, stortingsvalprogram og nye distriktspolitiske manifest, Sogn og Fjordane Venstre sitt nett vedtatte program for Fylkestingsvalet 2011 og det "gamle" valprogrammet for Eid Venstre for perioden 2007-11. Alle desse dokumenta finn du på www.venstre.no – sjekk linkar vidare til "politikk" og til fylkeslag/lokallag.

Vi vonar du har tid og høve til å delta på politisk dugnad 22. mars. For å kunne planlegge møtet betre, ber vi om at du melder deg på pr. epost til [email protected] innan tysdag 15. mars. Ver venleg også å melde frå dersom du ikkje kan kome, men har innspel du gjerne vil gi oss.

Det er viktig at du uansett oppgir ei epostadresse vi kan nå deg på. Frå no av vil alle brev og informasjon frå Eid Venstre bli sendt til deg pr. epost dersom du ikkje uttrykkeleg ber om framleis å få brev i posten.

På grunnlag av innspela på møtet 22/3 vil Eid Venstre utforme eit valprogram for kommunestyreperioden 2011-15. Dette vil bli formelt behandla og vedtatt av Eid Venstre i løpet av våren.

Vel møtt den 22. mars — vi ser fram til godt samarbeid og felles løft for valsiger i Eid!

Mvh

Leiar i Eid Venstre, Gunvald Ludvigsen og Alfred Bjørlo – 1. kandidat på lista til Eid Venstre

PS! Vi vil sjølvsagt gjerne oppmode dei av listekandidatane som ikkje er medlem i Eid Venstre til å melde seg inn i partiet. Dersom du ønskjer det, gi beskjed om det pr. epost, så ordnar vi det praktiske. Om ikkje kan du melde deg inn sjølv her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**