Betre vilkår for småbedriftene!

Den norske oljerikdomen har paradoksalt nok blitt gründerane sin største fiende. Svært mange av oss tar verdiskaping for gitt. Den politiske debatten handlar om korleis verdiane skal fordelast, ikkje korleis dei skal skapast. Venstre vil vi difor utfordre Regjeringa på tre konkrete tiltak som vil gjere kvardagen enklare for dei minste bedriftene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Grunder

Foto: Microsoft

Dei aller fleste bedriftene i Noreg er små. Alle store bedrifter har ein gong vore det. Ein god næringspolitikk handlar difor først og fremst om å gjere kvardagen lettare for småbedriftene. Det er bakgrunnen for tre konkrete forslag Venstre vil gå i bresjen for i tida framover:
• Redusere skjemaveldet
• Betre sosiale ordningar for gründerar
• Enklare skatt for enkeltpersonsforetak

Mindre byråkrati med regelråd
Norsk næringsliv brukar 54 milliardar kroner på innrapportering som følge av reglar og skjema. For to år sidan sende Næringsministeren ut ei pressemelding der ho lova å setje ned eit utval som skulle forenkle lovverket. Sidan det har ingenting skjedd.

Venstre vil opprette eit norsk "regelråd" etter modell frå Sverige. Oppgåva for eit slikt råd er enkel: Etterprøve konsekvensar av nye reglar og regelendringar for næringslivet — før dei blir innført. Det må rett og slett bli vanskeligare for staten å påføre bedriftene nye byrder.
Røynslene frå Sverige er at dette virkar. I 2009 uttalte Regelrådet seg 222 gonger om forslag til nye eller endra reglar. I nær halvparten av tilfella avviste Regelrådet forslaga. Dermed er over 100 "forvanskingar" av kvardagen for næringslivet hindra — berre på eitt år!

Betre sosiale ordningar for gründerar
Venstre vil at sjølvstendig næringsdrivende skal få like rettar til sosiale ordningar som andre. Det dreier seg m.a. om like trygderettar ved sjuke barn, eigen sjukdom og svangerskap.

I dag er det ikkje slik. Dekningsgrada for sjølvstendig næringsdrivande sine trygderettar er berre 65 prosent for sjukepengar ved sjukdom eller omsorg for eigne barn. Enkeltpersonsforetak har 17 dagars "ventetid" før ein har krav på sjukepenger, og då berre med 65 prosent av sjukepengegrunnlaget. Dei har heller ingen rettar ved yrkesskade og yrkessjukdom.

Slik kan vi ikkje ha det. Det er paradoksalt at vi har ei Regjering som står knallhardt på at arbeidstakarar skal ha 100% sjukedekning frå første fråversdag, men ikkje bryr seg om at reglane for dei som driv eiga bedrift i det små er langt dårlegare.

Enklare skatt for enkeltpersonsforetak
Vanlege lønnsmottakarar har rett på eit såkalla minstefrådrag, utan vidare dokumentasjon. For sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonsforetak er det ikkje slik. Dei må dokumentere alle enkeltutgifter som går til frådrag på inntekta. Det er ei forskjellsbehandling mellom lønnsmottakarar og næringsdrivande som er ulogisk, urettferdig og byråkratisk. Å innføre eit minstefradrag vil ikkje vere eit ekstrafrådrag for sjølvstendig næringsdrivande, men eit botnfrådrag på lik linje andre.

Enkle grep, men manglande vilje
Skjemaveldet og kompleksiteten i byråkratiet for næringslivet har auka dei siste åra. Vi ser også at talet på nye bedrifter går ned. Det virkar ikkje som den raudgrøne regjeringa forstår at langsiktig sysselsetting og velferd er uskiljeleg knytt til verdiskaping og nye bedrifter.

Alfred Bjørlo, landsstyremedlem i Venstre og Trine Skei Grande, leiar i Venstre[b]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**