Lærarane må ta tilbake styringa

Lesarbrev av Kjell Yri, i avisa Kvinnheringen.
Læraren er skulens viktigaste ressurs!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kommunestyret hadde i siste møte oppe ei sak om resultat i grunnskulen i Kvinnherad.
Ferdighetane til elevane er ikkje så gode som ein skulle ynskja.
Underteikna tok ordet i debatten og peika på tiltak som eg trur kan betra situasjonen.
Utgongspunktet mitt er at lærarane er den viktigaste ressursen vi har i skulen, og at dei gjer ein god jobb utfrå dagens sentrale føringar. Med dette meinar eg og å sei at mesteparten av dagens situasjon skuldast føringar frå sentralt hald.
For ein generasjon sidan hadde læraryrket høg status. Dette har endra seg mykje. Ei gransking som nyleg er gjort, syner at bare15 % av dagens lærarar ynskjer å halda fram som lærar til pensjonsalderen.
Vi må få lovfesta etterutdanning for dagens lærararar og nyutdanninga må bli 5 årig med mastergrad. Vi må få faglærarar som er spissa i faga og som kan formidla kunnskap.
Lærarane må ta tilbake klasseromma — bli Sjefen i klassen. Samstundes må ein ha forutsigbarhet — for å få stabilitet i klassen. Faste lærarar som eleven kjenner og som kjenner eleven.
Den fysiske fostringa i skulen må aukast – fleire timar med fysisk aktivitet.
Helsesøster og sosiallærar må igjen bli å finna på ungdomsskulen.
Skal ein satsa på utdanning og betra resultata, må ein og stilla krav til lærararne. Vi må kunna stilla krav om at lærarar og skuleleiarar vert evaluerte. Samstundes må vi og stilla krav til foreldra.
La lærarane få lov å vera lærarar — la dei sleppa å lesa 148 rundskriv frå Regjeringa. Byråkratiseringa av dagens skule, fører til mindre tid for elevane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**