Førde sjukehus: Framtidas lokalsjukehus?

Venstre sin gruppeleiar i Eid kommunestyre, Siv Langøen Rotevatn, og Venstre sin ordførarkandidat i Eid til haustens lokalval, Alfred Bjørlo, har i dag eit innlegg om sjukehussaka på trykk i Fjordabladet og Firda. Bodskapen deira er at den raudgrøne Regjeringa sitt sjukehus ikkje berre er alvorleg for Nordfjord, men kan syne seg å bety ei langsiktig nedbygging av dei helsefaglege miljøa i alle deler av Sogn og Fjordane. Innlegget kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Stetoskop, helse, medisin, sykehus

Foto: Microsoft

Den 1.april blei heile Nordfjord djupt skuffa over Jens Stoltenberg og den raudgrøne regjeringa si stadfesting av dramatiske nedbyggingstiltak for Nordfjord sjukehus. I Sunnfjord blei truleg mange tilsvarande letta, fordi Regjeringa gjennom vedtaket tilsynelatande styrker Førde sentralsjukehus. På kort sikt er det kanskje riktig. På lang sikt kan resultatet bli det stikk motsette.

Det er to faktorar som fram til i dag har gjort det mulig for Førde å ha status som sentralsjukehus: Politiske vedtak frå 1970-talet om at det skulle vere sentralsjukehus i alle fylke, og det at sjukehusa sine nedslagsfelt følgjer fylkesgrensene. Truleg er begge desse faktorane no i ferd med å bli endra. I mange miljø nasjonalt blir det diskutert om modellen vi har hatt i over 30 år med lokal-/sentral-/region-/universitetssjukehus framleis er tenleg.Fleire meiner at vi berre bør ha to sjukehusnivå: Lokalsjukehus med ulik storleik, oppgåver og innhald (t.d. Nordfjord og Aker) og region-/universitetssjukehus.

Dersom "1.april vedtaket" blir ståande, vil Førde sjukehus få tilført større volum på lokalsjukehusoppgåver, medan visse polikliniske tenester som tidlegare har blitt sett på som sentralsjukehusoppgåver delvis blir flytta ut. Ein del akuttbehandling, t.d. utblokking ved hjerteinfarkt, blir allereie i dag berre gjort på universitetssjukehus. Det er heller ikkje så vanleg andre stader i landet å nytte namnet sentralsjukehus lenger.

Det som likevel kan svekke Førde som sentralsjukehus mest, er vedtaket om at delar av tenestene i Nordfjord skal flyttast over fylkesgrensa til Volda. Det har allereie ført til krav frå mange i Nordfjord om at innbyggjarane på nordsida av fjorden for framtida skal ha Volda som lokalsjukehus, og at vi skal høyre til Helse Sunnmøre/Helse Midt.

Dersom 23.000 innbyggjarar skal over i eit anna helseføretak, må ressursar følgje med. Dei vil bli tekne frå Helse Førde. Flyttar nordfjordingane nordover, vil truleg fleire kommunar på sørsida av Sognefjorden også gjere krav på å få skifte helseregion og høyre til Voss/Haukeland. Då snakkar vi om ei ytterlegare svekking av sjukehuset i Førde med 15.000 personar. Samla sett kan dette føre til at Førde sentralsjukehus til slutt sit att med eit nedslagsfelt på 70.000 innbyggjarar og ikkje nær 110.000 som i dag, ein reduksjon på nesten 40 %. For Førde som lokalsjukehus vil det vere eit greitt driftsgrunnlag, men mange av dei spesialiserte avdelingane som Førde sentralsjukehus har i dag kan då henge i ein tynn tråd – ikkje minst på lang sikt.

I følgje Visveg.no er det 174 km og 4.12 timar reisetid frå Stad til Førde, medan det er 176,4 km og 3.06 t reisetid frå Førde til Bergen. I debatten som har gått er det mange, ikkje minst dei som styrer helsepolitikken nasjonalt, som hevdar at det viktige ikkje er kort veg og reisetid til sjukehus, men at ein får behandling i store og robuste fagmiljø. Då er det neppe eit lite sjukehus i Førde med 70.000 innbyggarar i nedslagsfeltet som står øvst på Jens Stoltenberg si satsingsliste.

Konsekvensen av Regjeringa sitt vedtak kan difor fort syne seg å vere ein Pyrrhos-siger for Sogn og Fjordane, og at vi på sikt står att med eitt lokalsjukehus som einaste gjenverande helsefaglege miljø i fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**