Statssekretær Tord Dale må gå av

Med dei nye avsløringane om at Statssekretær Tord Dale (Ap) plantar “skitpakkar” der han hevdar at sjukehuset på Eid har eit frynsete fagleg rykte, er tida no inne for at Dale trekker seg frå si stilling. Det krev ordførarkandidat for Venstre i Eid, Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det var NRK som i går avslørte at Tord Dale overfor lokale Senterparti-folk har kome med grove, feilaktige påstander om det faglege nivået på Nordfjord sjukehus.

Dette er ikkje første gong Ap-statssekretær Tord Dale driv med ureint spel for å undergrave posisjonen til Nordfjord Sjukehus. Han har tidlegare bløffa om reiseavstander i Nordfjord, om storleiken på “nedslagsfeltet” til Nordfjord sjukehus og kome med grove påstander om kysten av Nordfjord som ein “nedgangsregion” det ikkje er så farleg med i framtida.

Det ferskaste dømet på at Tord Dale driv som privatpraktiserande dommar over grunnleggande helsetilbod i Nordfjord, er at han vil at Nordfjod skal ha eit medisnisk akuttilbod utan anestesilege. Dette står i direkte motstrid både til Regjeringsvedtaket om at Nordfjord sjukehus skal ha eit medisinsk akuttilbod som i dag, og til alle faglege synspunkt på kva eit lokalsjukehus med akuttfunksjon må innehalde.

– Det er også kjent at Tord Dale har ringt opp lokale sjukehusaksjonistar og prøvd å overtale dei til å trekke seg frå den offentlege debatten. Det er sjølvsagt heilt uhørt av ein Statssekretær i eit ansvarleg fagdepartement, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

Foto: Truls Jemtland

– Folk i Nordfjord kan ikkje leve med å ha ein statssekretær i helsedepartementet som driv vedvarande propagandakrig mot sjukehuset i Nordfjord, og no også kjem med grove, feilaktige påstander i skjul om det faglege nivået på sjukehuset, seier Alfred Bjørlo.

Han utfordrar lokale Arbeiderparti-folk, spesielt nestleiar i Sogn og Fjordane Ap Sonja Edvardsen som også er ordførar i vertskommunen til Nordfjord sjukehus, til å ta initiativet til Tord Dale sin avgang som statssekretær i Helsedepartementet..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**