Tamilane fortener støtta vår!

Tamilane i Noreg er fortvila over at verdsamfunnet bryr seg så lite om det som hende i borgarkrigen på Sri Lanka. Titusener av tamilar vart heldne i fangeleirar, og mange sit framleis i desse leirane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vi har sett bilde som syner at regjeringshæren skaut på sivile med tunge skyts. Mange av dei norske tamilane har mist nære slektningar i krigen , og dei har fått rapportar om grusomme hendingar. Dei forstår ikkje at ikkje Norge og resten av verda let folkemord på Sri Lanka skje medan verdsamfunnet går inn i andre land der leiarane går til åtak på sine eigen landsmenn. Det siste døme er Libya og krigen mot Khadaffi.

No melder tamilar i Noreg presidenten på Sri Lanka og fleire andre singalesiske leiarar til politiet og krev at Den Internasjonale straffedomstolen granskar hendingane på Sri Lanka. Det same gjer tamilar verda over. Vi forstår dei. Verda sit med hendene i fanget medan presidenten går fri for folkemord og får halde fram med eit styre som diskriminerer tamilane på Sri Lanka.

18.mai held dei fredlege demonstrasjonar i byane våre. Vi støttar dei i deira fredlege og demokratisk kamp for eit eige tamilsk land i nord på Sri Lanka.

Gunn Berit Gjerde og Kirsti Dale, kandidatar til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**