Venstre vil ha Eid som bussknutepunkt

Nordfjordeid er i dag bussknutepunktet i Nordfjord. Eid Venstre vil sikre og bygge vidare ut busstilbodet med Nordfjordeid som knutepunkt. Eid kommune må no engasjere seg sterkare for å sikre busstilbodet i Nordfjord med Eid som knutepunkt. Det er av stor betydning for utvikling og vekst i regionen, ikkje minst for ungdom og skuleelevar og for å legge til rette for auka arbeidspendling med kollektivtrafikk. Det seier leiar i Eid Venstre Gunvald Ludvigsen og Venstre sin gruppeleiar i kommunestyret, Siv Langøen Rotevatn, som no tek denne saka opp i Eid kommunestyre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: Valavis 2005

Siv Langøen Rotevatn

Foto: Marta Kvikne

Eid Venstre er kjent med at det for tida pågår ei rekke prosessar på regionalt nivå og i busselskapa som kan svekke Nordfjordeid sin posisjon som bussknutepunkt i åra som kjem, og som til dels allereie har gjort det. Her kan mellom anna nemnast:

•Det er kutta i rutetilbodet nord/sør via Nordfjordeid i dei nye rutene innført 1. mai 2011. Det er t d ikkje lenger mulig å reise 1730 frå Bergen og kome fram til Eid same kveld. Den bussen stoppar på Sandane.
•Den gjennomgåande ruta Bergen-Ålesund via Nordfjordeid er ikkje lenger fullstendig i ruteheftet 2011/12, samtidig som tilbodet er kutta. Det gjer det vanskelegare å planlegge reiser nord/sør via Nordfjordeid, og vil i neste omgang gjere det lettare å kutte rutetilbodet ytterligare
•Det blir i desse dagar etter det vi er kjent med helde møte mellom fylkeskommunen og busselskapa for å diskutere “ruteproduksjon” over Kvivsvegen når den opnar hausten 2012.
•Fylkeskommunen er i gang med prosessen for ein ny samla anbodsrunde for bussruter i fylket. Her vil ein truleg gi viktige føringar på om rutetilbodet skal endrast etter at Kvivsvegen opnar.
•Fjord1 Buss Møre har allereie i eit halvt år arbeidd med eit prosjekt for å greie ut framtidig kollektivknutepunkt i Nordfjord når Kvivsvegen er på plass, der ein m a ser på om ein framleis skal ha samlestad for bussane på Nordfjordeid, eller dette skal flyttast til Kjøs (ref omtale i Møre-Nytt 12. mai).

I sum er alle desse sakene av stor betydning for det framtidige busstilbodet i Nordfjord og for Nordfjordeid si rolle som kollektivknutepunkt. Vi er ikkje kjent med om Eid i det heile tatt er engasjert i dei pågåande prosessane, og i tilfelle korleis Eid kommune v/ordførar jobbar med saka for å ivareta Nordfjordeid sine interesser.

Eid Venstre meiner også det burde vere sjølvsagt at dette er så viktige spørsmål for heile regionen at dei er løfta opp i Nordfjordrådet, og at det der blir arbeidd med ein felles strategi for Nordfjord for eit framtidig best mulig kollektivtilbod for heile regionen, men dette er vi heller ikkje kjent med.

Eid Venstre ber difor at Formannskap og/eller Kommunestyre kan få ei snarleg orientering om korleis Eid kommune fram til i dag har arbeidd opp mot nabokommunene, busselskapa og fylkeskommunen for å sikre Nordfjordeid sin framtidige posisjon som kollektivknutepunkt, og kva som er planlagt strategi vidare for å sikre Eid og Nordfjord eit best mogleg busstilbod i framtida.

Vi lover bedre buss

Foto: Stein Inge Dahn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**