Sterkare lokalsjukehus

Den raudgrøne regjeringa har skapt usikkerhet omkring dagens sjukehusstruktur.
Venstre ynsker å styrka lokalsjukehusa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Sterkare lokalsjukehus.
Den raudgrøne regjeringa har skapt mykje usikkerheit omkring sjukehusa. Ein snakkar om nedlegging av fødeklinikkar og til og med nedlegging av sjukehus. Hjå oss er det spesielt Odda sjukehus, men og Stord og Valen sjukehus som er utsette. I dag er Valen, Stord og Odda sjukehus ikkje knytt direkte til eit universitetssjukehus. Haugesund sjukehus ligg som ein unødig lekk imellom.
Venstre ynskjer å styrkja lokalsjukehusa i Hordaland og føreslår eit nytt Helse Hordaland HF.
Eit slikt helseføretak vil erstatta Helse Bergen og delar av Helse Fonna. Vi ynskjer at lokalsjukehusa minst skal ha fødsels- og akuttenester inkludert anestesi. Vidare må her vera røntgen, laboratorium, indremedisinske og generelle kirurgiske tenester.
Haukeland universitetssjukehus skal ha eit fadderansvar for lokalsjukehusa og ha ansvar for at eigna spesialisttenester vert lagt ut til lokalsjukehusa. Voss sjukehus er eit godt døme med fedmeklinikken. Denne ordninga vil avlasta Haukeland sjukehus samstundes som den vil styrka lokalsjukehusa. Dette vil igjen føra til at det vert lettare å rekruttera fagpersonell og dermed får vi eit tryggare sjukehus.
Før helseføretakas tid, var det eit godt samarbeid direkte mellom Haukeland sjukehus og lokalsjukehusa. Vi må ta det beste frå denne tida tilbake ved å gjenoppretta samarbeidet på ein framtidsretta måte.
.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**