Nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, vitjar Møre og Romsdal

Onsdag til fredag, denne veka, kjem nestleiar Ola Elvestuen på vitjing til Møre og Romsdal
Det står eit rikhaldig program på menyen i dagane 29.juni til 1.juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Ola Elvestuen

Foto: Frode Fjeldstad

Rundreisa startar i Volda 29.juni, der Elvestuen skal innom høgskulen. Ved sidan av ei generell innføring i
verksemda ved skulen, blir det særleg fokus på utfordringane med den nye
grunnskulelærarutdanninga, den lave basisfinansieringa og mangelfull finsansiering av Seanseprosjektet,
senter for kulturproduksjon.

I Ålesund legg ein også opp til høgskule-besøk. Høgskulen ynskjer å ha fokus på kjerneområda for
skulen; innovasjon og nyskaping, i samarbeid med næringslivet. Skulen har òg eit ynskje om
tildeling av fleire studieplassar, for å oppretthalde høgskulen som ein rekrutteringskanal mot
næringslivet og unngå hjerneflukt frå regionen. Etter denne temadelen, blir det omvisning og
sannsynlegvis eit besøk i simulator.

Besøka ved høgskulane markerer avslutninga på Kunnskapskampanjen, ei landsdekkjande
kampanje, der Venstre-medlemer har gjennomført fleire hundre besøk for å få avdekt kva
utfordingar dei ulike institusjonane som driv med opplæring har.

På torsdag 30.juni er Elvestuen på plass i Kristiansund, der skal delta i eit fellesmøte med kulturaktørar i byen. Deretter blir det vitjing hjå bedriftene Vestbase AS, Hydral og Lerøy Hydrotec.

På fredag 1.juli står Molde og Vestnes for tur, der det blir fokus på reiseliv, næringsutvikling, før rundturen i Møre og Romsdal blir avrunda med eit internt møte med valkamputvalet i fylkeslaget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**