Møt Venstre i Eidsgata Malakoff-helga!

Laurdag 21. juli kl 11-14 kan du møte Venstre-leiar Trine Skei Grande, Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn, Eid Venstre sin ordførarkandidat Alfred Bjørlo og mange andre hyggelege Venstre-folk på stand i Eidsgata.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trine Skei Grande

Foto: Caroline Roka

Venstre-leiar Trine Skei Grande har i sitt første år som partileiar i Venstre markert seg som ein aktiv og uredd politikar, og ei tydeleg liberal stemme i norsk politikk. Ho har denne våren, med sjukehussak og andre viktige saker for fylket vårt til behandling i Stortinget, åleine vore meir på Stortinget sin talarstol enn heile Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane til saman. Ho har også engasjert seg sterkt for lokalsjukehussaka si sak, seinast gjennom brev til Helseministeren om Helse Førde si “snikrasering” av Nordfjord sjukehus sist veke.

Sveinung Rotevatn

Foto: Mathias Fischer

Unge-Venstre leiar Sveinung Rotevatn er frå Eid, og står også på kommunevallista til Eid Venstre ved haustens val. Han har hatt ein kanon-start som Unge Venstre-leiar, og markert seg som ein av dei leiande unge politikarane i Noreg uansett parti.

Eid Venstre går til val i haust som ein garantist for ny vekst i Eid, med ein sterkare og tettare samanknytt region rundt oss. Venstre vil ha lokalsamfunn der folk styrer si eiga framtid og sin eigen kvardag. Vi vil ha slutt på at folk i Eid og Nordfjord berre blir gjort til passive tilskodarar til ei samfunnsutvikling fjernstyrt frå Regjeringskvartalet i Oslo, der sjukehus og andre velferdsgode blir tatt frå oss. Tida er inne for å sleppe nye kostar til i styringa av Eid og Nordfjord!

Velkommen innom oss på Frislidhjørnet midt i Eidsgata på laurdag mellom 11 og 14 for ein hyggeleg prat! Vi set stor pris på å få dine synspunkt på kva vi bør gjere for å få ny vekst i Eid. Venstre set folk først!

Før standen skal Trine møte representantar frå Helsefaggruppa ved Nordfjord sjukehus for å bli orientert om siste utvikling i sjukehussaka. Etter standen skal Trine vere gjest på Malakoff-festivalen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**