Eid Venstre si valbrosjyre klar

Eid Venstre si valbrosjyre er no ferdig. Ein pdf-versjon er lagt ut på Eid Venstre sine nettsider (sjå menyen til venstre). Brosjyra inneheld ein kortversjon av valprogrammet til Eid Venstre, og presenterer dei fremste kandidatane på lista med namn og bilete.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Eid Venstre gruppe2011 samla

Foto: Steinar Engeland

Heile valprogrammet til Eid Venstre vil bli lagt ut på nettsida til Eid Venstre om kort tid. Her vil vi også løpande legge ut meir grundige presentasjonar av dei fremste kandidatane på lista.

Vi vil også oppmode deg til å følgje Eid Venstre på Facebook. Det gjer du ved å gå inn på denne linken, og trykke “lik dette”. Dette er ei open Facebook-side som alle som ønskjer det kan følgje, også om du ikkje er medlem av Venstre. Velkomen!

Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, har også si eiga “politikar-side” på Facebook. Den finn du her. Alfred har også ein blogg som kjem til å bli jamnleg oppdatert gjennom valkampen. Den finn du her

På biletet ser du eit utval av Venstre sine kandidatar til kommunestyrevalet.
Bak frå venstre: Svanhild Lothe, Stein Åke Berteig, Arild Nøstdal, Kirsti Ohrvik Olsen, Inge Adelsten Engebretsen og Per Arild Alsaker.
Framme: Alfred Bjørlo og Brit Moa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**