Kirsti Ohrvik Olsen

Kirsti Orvik Olsen står på sjette plass på Venstre si liste til kommunestyrevalet i Eid 2011. Kirsti er 42 år, gift og har to born. Ho bur i Mogrenda på Hjelle og arbeider til dagleg som hjelpepleiar på Eid Sjukeheim. Ho er aktiv i frivillig arbeid, men er “debutant” i politisk samanheng når ho no står på Venstre si liste til kommunestyrevalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Kirsti Ohrvik Olsen

Foto: Steinar Engeland

Kirsti vil engasjere seg politisk for å gjere Eid til ei endå betre kommune å bu i. Ho brenn for ein god skule og ein aktiv miljøpolitikk. Ho trekker fram følgjande tre konkrete saker ho vil arbeide for politisk i Eid: Å behalde eit godt sjukehus, få bygd ny sjukeheim og god næringsutvikling i kommunen med fleire arbeidsplassar og tilflytting i alle deler av Eid kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**