Minnemarkering

Kjell Yri var tilstades under minnemarkering i Kulturhuset på Husnes og hadde denne helsinga:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Hendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya fredag 22. juli er ein grusom tragedie.
-tragedie for dei alle, barn og unge som framleis såg for seg mange gode dagar i det vidare liv.
No er dei ikkje meir — vil aldrig vera meir — ikkje mellom sine foreldre — ikkje mellom sine born — ikkje mellom sine vener og ikkje saman med sine kjæraster.
Tragedie for ufatteleg mange heimar, mange mennesker — for heile landet.
I denne tragedien varmar det å sjå den gode omsorg vi no alle har for kvarnadre.
Eg har eit barnebarn som denne veka spelar fotball i Dana cup i Danmark.
Alle spelarane har svarte sørgeband — før kvar kamp er det eit minutt stillhet. Ikkje bare på den første kampen, men på alle kampane. Slikt varmer!
Venstre sentralt har fått mange helsingar frå søsterparti og organisasjonar frå alle kantar av verda. Alle utrykkjer sorg og sjokk, men dei ber oss føra det opne samfunnet i Noreg vidare.
Trine Skei Grande seier det slik: “Dette er dagen for trøst, omtanke og ettertanke. Ta vare på hverandre. Vi må huske å bevare innsatsen for demokrati og et åpent samfunn.”
Jan Bjørklund, Folkpartiets leiar (Sverige) seier:
“Vi har sett ondskap førut och vi kommer att se den igjen. Vårt sett at bemøta den ær givet.
Før at citera Norges statsminister Jens Stoltenberg: Vårt svar er mer demokrati, mer øppenhet och mer humanitet”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**