Til ungdommen

– Men så, så skjer denne forferdelege terroren på Utøya og i Oslo. Og vi får skildringar av ungdommar som har stått opp for andre, risikert eigne liv for å hjelpe andre, ungdommar som har inspirert kvarandre gjennom sang og samhald – og ungdommar som melder seg til teneste i dei politiske parti for å kjempe for at folk i “Mitt lille land” kan seie det dei meiner og røyve seg fritt utan å vere redde. Dette skriv Venstre sin gruppeleiar i Fylkestinget og fylkesordførarkandidat Gunn Berit Gjerde i et avisinnlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Heile innlegget kan lesast her:

Til Ungdommen

Ei lita jente eg kjenner er redd for ungdommar. Ho trur at det er ei homogen masse av noko farleg og skremande. Ho har sjølsagt fått dette inntrykket frå nokon, frå vaksne som har snakka om eller vist talande reaksjonar på denne “fæle ungdommen”.

Eg har aldri hatt slike tankar om ungdommen, men eg må tilstå at eg i spesielle situasjonar har tenkt tanken om ungdommane våre er i ferd med å ta skade av all rikdommen vår – og blitt late, storforlangande og vanskeleg å engasjere både på skulen og i fritida med nedlagde ungdomsklubbar, disiplinvanskar på ungdomskulen og fråfall i vidaregåande som resultat.

Men så, så skjer denne forferdelege terroren på Utøya og i Oslo. Og vi får skildringar av ungdommar som har stått opp for andre, risikert eigne liv for å hjelpe andre, ungdommar som har inspirert kvarandre gjennom sang og samhald – og ungdommar som melder seg til teneste i dei politiske parti for å kjempe for at folk i “Mitt lille land” kan seie det dei meiner og røyve seg fritt utan å vere redde.

Opp i alt det forferdeleg triste og vanskelege, så blir eg glad! Glad for den framtidstrua dei gir meg ,alle desse ungdomane som tilsaman faktisk er svært mange. Når det verkeleg gjeld, har dei same krafta, same kaliberen som ungdommen under siste verdskrig hadde då dei sette kreftene inn for eit fritt Noreg. Ungdommaen idag er ,like gode, like engasjerte, like oppofrande som dei gamle heltane.

Det får meg også til å tenkje litt vidare til dei meir normale tilstandane som ungdommen vår skal oppleve når livet er attende i vanleg gjenge. Kanskje er det kjensla av å ikkje bli tatt på alvor og liksomleikane som gjer at det meste blir uinteressant og lite engasjerande. Det er ingen som er så smarte som ungdommar. Dei finn fort ut når dei blir haldne for narr, når det eigentleg ikkje er så nøye med deira innsats, når dei vaksne gjer som dei vil uansett og når dei ikkje ser samanhengen mellom undervisning og korleis kunnskapen skal nyttast.

No har vi sett at ungdommane tenkjer, vurderer, snakkar ,handlar og ser framover i ein kvalitet som er heilt på høgde med alt som vaksne kan prestere.

Kan denne erfaringa gi oss også ein visdom om korleis vi som skal styre dette landet på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå må ta ungdommen med inn i det verkelege livet?

Gunn Berit Gjerde
fylkesordførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**