Venstrelista – utan røystetillegg – skal gå fint utan

Kvinnherad Venstre leverte inn kommunevalliste utan røystetillegg.
Sjølv om nominasjonsmøtet vedtok røystetillegg på dei 3 fyrste kandidatane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Nominasjonsmøtet til Kvinnherad Venstre vedtok å gje dei 3 fyrste kandidatane på lista eit røystetillegg. Dette fordi dei 3 fyrste kandidatane er dei som tydleg har sagt at dei er villige til å yta ein stor innsats i den kommande 4 års bolken.
Ved innleveringa til valstyret vart det gjort ein feil og uthevinga (tjukk skrift) vart ikkje gjort.
Kvinnherad Venstre prøvde å få feilen retta opp. Datoen for endring var gått ut og saka måtte difor opp til handsaming i Valstyret. Valstyret vedtok einstemmig å ikkje godta vårt ynskje om å retta opp i feilen. Kvifor dei sa nei veit vi ikkje, men dei hadde moglegheit til å imøtekomma vårt ynskje.
Men dette er ingen katastrofe. Ved røystetillegg får ein 25 % ekstrastemme. Det vil seia at vi måtte ha 4 innleverte Venstrelister for å får 1 ekstrarøyst.
Derimot kan kvar einskild velgar gje kandidatane 100 % røystetillegg – altså ei ekstrastemme ved å setja ein kryss eller hake i feltet framfor den kandidaten dei vil gje ei ekstrastemme.
Slik lista vår er no, er ho veldig demokratisk. Alle på lista stiller heilt likt. Det er dei ekstra kryssa som velgarane gjev, som bestemmer kven som får flest røyster.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**