Per Arild Alsaker

Per Arild Alsaker står på femteplass på Venstre si liste til kommunevalet i Eid 2011. Per Arild er 39 år og jobbar som miljøarbeidar på Nordfjord barne- og ungdomssenter. Han er gift og har tre born.Per Arild er oppteken av god kvalitet i skulen og eldreomsorg. Han er miljøbevisst og storbrukar av natur, noko som har vore viktig for at han har vald Venstre som sitt parti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Per Arild Alsaker

Foto: Steinar Engeland

Per Arild trekk fram følgjande saker som spesielt viktige i Eid dei komande åra:
1. Fortsatt sikre god kvalitet i skulen til alle ungane i Eid kommune. Vi må satse tungt på dei som skal utvikle Eid vidare inn i framtida.
2. Gode omsorgstilbud til dei eldre. Det er desse vi kan takke for den velferd vi nyter godt av i dag. Dei fortener det beste vi kan gje dei.
3. Stimulere ungdom til å finne sine interessefelt. Jobbe med tilrettelegging for at alle får dyrke sine hobbyar. Dette forebyggjer andre vanskar.

Du kan lese meir om Per Arild på denne linken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**