Framtidas arbeidsplassar er enno ikkje skapt!

Eid treng i åra framover jamnt og sterkt fokus på vekst: I arbeidsplassar, bedrifter, folketal og handel. Eid Venstre meiner vi har eit stort og uutnytta potensiale til meir og breiare næringsutvikling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Industri, tannhjul

Foto: Microsoft

I juni gjorde Eid kommunestyre vedtak om å gå inn i eit felles næringsutviklingsselskap for Eid, Selje og Vågsøy. Det er vi i Venstre svært glade for. Vi trur meir samarbeid med regionen rundt oss er naudsynt også for å skape vekst i Eid. Arbeidet med ny aktivitet i Lefdal gruve er eit døme på dette. Vi må i alt vi driv med sjå heile Nordfjord som eit felles bu-og arbeidsområde, og satse målretta på samferdsleutbygging for å knyte oss tettare saman.

Vi har allereie mange små og store bedrifter i Eid som er robuste og framtidsretta, med stort vekstpotensial. Venstre helsar spesielt velkomen den nysatsinga mange i landbruksnæringa i Eid har gjort dei siste åra. Vi har stor tru på at vi enno kan få til meir nyskaping og vekst knytt til landbruket og bygdene.

Venstre har hatt, og vil halde fram med å ha fokus på kulturbasert næring. Operahuset Nordfjord/Eid Vidaregåande skule har synt seg å gi oss dei store mulegheitene som mange av oss trudde på. Opera Nordfjord, Malakoff og andre knoppskytingar knytt til kulturlivet er med på å gje heile Nordfjord eit løft, og til å gjere Eid til ein enda meir attraktiv stad å bu både for dei som bur her frå før og for tilflyttarar. Skular som satsar målretta på gründertenking og elevbedrifter er også av uvurderleg verdi for å skape framtidas arbeidsplassar.

Eit allsidig, variert og moderne næringsliv er den beste livsforsikringa for eit vekstkraftig lokalsamfunn. Eit sterkt Venstre i Eid vil vere ein garantist for at Eid kommune legg seg i selen for å skape framtidas arbeidsplassar, både i Eid og i samspel med regionen rundt. Vi går til val for ny vekst i Eid, og å setje “Folk først”.

Siv Langøen Rotevatn Brit Moa

Foto: Steinar Engeland

Brit Moa, Eid Venstre sin 2. kandidat til kommunevalet
Siv Langøen Rotevatn, Eid Venstre sin kandidat til fylkestingsvalet

(innlegget sto på trykk i Fjordabladet 20. august 2011)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**