Naustdal Barne- og Ungdomsskule

Naustdal Venstre har som høgaste prioritet å arbeide for å utvikle Naustdal i retning av å bli den mest attraktive bukommunen i Sunnfjord.

I lys av dei offensive planane for tilrettelegging til bustadbygging som er gjort av kommuneadministrasjonen, meinar Naustdal Venstre det er på høg tid å stake ut kursen i forhold til korleis ein ønskjer at opplæringstilbodet i kommunen skal sjå ut i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Naustdal Venstre ønskjer å prioritere utbygging og utvikling av Naustdal Barne- og Ungdomsskule (NBU) til å bli ein framtidsretta arena for læring og oppvekst. Med elevtalsprognosar som slår fast at elevtalet i heile kommunen ikkje vil gå nemneverdig ned frå dagens ca 360 i løpet av dei neste 15 åra, men heller auke, meiner vi ei investering og utvikling av NBU for 400 elevar representerer ein svært låg risiko og det er der kvar investerte krone får størst effekt pr elev.

NBU er den største og viktigaste utdanningsinstitusjonen i Naustdal og er skulen for dei fleste barneskuleelevane og alle ungdomsskuleelevane i kommunen. Skulen er samlokalisert med folkebiblioteket, kommunen si einaste fullskala kunstgrasbane, friidrettsanlegg, samt Naustdalshallen. Skulen er også lokalisert nært skulehelseteneste, lege og tannlege. Ingen andre stadar i kommunen har elevane eit slikt tilbod lett tilgjengelig.

Med dette bakteppet skulle ein tru at NBU var det naturlege førstevalet for satsing på skule i kommunen. På tross av dette har det sittande fleirtalet latt spesialromsfløyen forfalle i så stor grad at ein no står i fare for å måtte stenge viktige delar av skulen, og det tomme svømmebassenget står som eit vitne om brotne lovnader. "Vi skal fylle bassenget" sa AP i førre kommunevalkamp.

Naustdal Venstre er tydelige på at vi ønskjer ei stor og målretta satsing på å utvikle NBU til å bli ein skule for framtida med ein kapasitet på 400 elevar, integrert skulehelseteneste og symjeanlegg.

Vi ønskjer å styrkje skulehelsetenesta. Vi ønskjer å samlokalisere denne med NBU for å styrkje det førebyggande arbeidet blant born og unge. I dag må elevar ha løyve for å gå utanfor skulen sitt område, eksempel til helsestasjonen. Vi meinar ein ikkje har eit skikkelig lågterskeltilbod før elevar som har det vanskelig kan oppsøke helsesøster eller psykolog på impuls i eit friminutt, utan avtale og utan at nokon må gje løyve. Eit slikt fullintegrert tilbod vil både kunne førebygge og fange opp elevar på eit tidleg tidspunkt, samt at det vil fungere som eit alternativ og sikkerheitsventil i forhold til eventuelle problem mellom elev og lærar/vaksne.

Naustdal Venstre ønskjer at det skal byggast eit fullverdig symjeanlegg i tilknyting til NBU, slik at det vert lagt til rette for ei framifrå opplæring i symjing og vassleik. Eit framtidig symjeanlegg bør også dimensjonerast slik at det kan nyttast av Tambarskjelvar IL og befolkninga elles.

Utbygginga må skje planmessig i eit tempo som er økonomisk forsvarleg. Naustdal Venstre ønskjer å gjere to grep som vil bidra til å finansiere ei slik utbygging.

For det første ønskjer vi ei samhandling med Flora. Vevring skule er nyleg oppussa for 9,5 mill kr og er i god stand. Naustdal Venstre ønskjer ikkje å legge ned Vevring skule, men heller nytte ledig kapasitet til å skape inntekter. Vi ønskjer å inngå ein langsiktig avtale med Flora kommune om samarbeid om skule. Slik vil ein kunne styrke skulen i Vevring og samstundes få kommunale inntekter.

I 2010 kosta drifta av Standal skule, med 9 elevar, ca 1,7 mill kr. Betydelig ledig kapasitet i Vevring tilseier at det er vil påføre Vevring låge meirkostnader ved å undervise 9 elevar ekstra. Det er derfor ikkje urimelig å forvente at både Flora og Naustdal vil kunne få ein årleg gevinst på anslagsvis 0,8 mill kr kvar, pr år. At Flora no er på ROBEK-lista aukar sjansen for aksept for fornuftige tiltak som gjev innsparingar.

For det andre ønskjer vi at elevane ved Dalen skule vert overført til NBU når sistnemnde er utbygd. Kommuneadministrasjonen sine utgreiingar tilseier at det er ei innsparing på ca 3,2 millionar kroner årlig ved å overflytte elevane frå Dalen til NBU.

Naustdal Venstre meinar at skulestrukturen i kommunen kostar langt meir enn den smakar, og er til hinder for viktige investeringar i skule og oppvekstvilkår for borna i kommunen. For å sette det i perspektiv, har valet om å ikkje la elevane i dalen gå ved NBU kosta Naustdal anslagsvis 67,2 millionar kroner sidan underteikna gjekk ut som avgangselev ved NBU i 1990.

Samla sett vil dei to ovannemnde tiltaka kunne gje ei årleg effekt på ca 4 mill kr. Reknar ein eit rentenivå på 4% har ein med eit strukturgrep finansiert ei investering på ca 100 mill kr.

Det styrande fleirtalet har brukt opp alle oppsparte midlar og lagt opp til omfattande kutt i åra framover. Ei overføring av elevane frå Dalen skule er ein direkte konsekvens av dette, og vil gje rom for ei framtidsretta satsing på NBU, samt å tilby eit best mogleg, likeverdig og framtidsretta undervisningstilbod for flest mogleg av elevane i kommunen.

Ei satsing som skissert vil i høgste grad bygge opp under Naustdal sin attraktivitet som bukommune i Sunnfjord, og lykkast ein med å få ein folketalsauke i nærleiken av kva dei mest optimistiske prognosane tilseier, så vil det truleg vere både fornuftig og økonomisk mogleg å gjere investeringar i skulebygg i Midtredalen, eller andre stadar i kommunen. Men ikkje før.

Naustdal Venstre meinar at ei storstilt satsing på NBU og overføring av elevane frå Dalen vil vere ei betring av skuletilbodet til alle elevane, eit løft for attraktiviteten til Naustdal som bukommune og dermed ei framtidsretta investering med svært låg risiko.

Øystein Djupvik
Ordførarkandidat, Naustdal Venstre

Innlegget er posta på Firdaval, og du kan følgje diskusjonen her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**