Framleis uklart syn frå Senterpartiet vedr. skulestruktur

Syner til HF på onsdag 17.08.11, der det var eit innlegg frå Samson Hamre og Senterpartiet. Endeleg hadde Senterpartiet teke eit standpunkt i skulesaka, og veljarane kunne få veta kva dei eigentleg meinte. Men, me las og las og vart ikkje meir kloke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vil dei, leggja ned skular? I så tilfelle kva skular? Og ikkje minst, når? Venstre meiner at kvalitet i skulen kan hevast med å leggja til rette for etter og vidareutdanning av lærarar. Kor mykje større vert fagmiljøet med å samla alt til ein skule? Venstre meiner det vert mindre antal lærarar i heradet og ferre å spela ball med.
Det vert peika på at det IKKJE er ei linje mellom å leggja ned ein skule og leggja ned ei grend. Me kunne lesa at ungdomen ville velja å flytta heimatt til kun kvalitetar og verdiar. Venstre har tru på auka vekst i dei ulike grendene og at ein må klara å ha framleis god kvalitet på dei ulike grendaskulane i heradet.

Samson Hamre stod på nordsida og gløtta nedover i fjorden med rasjonelle briller når han skreiv innlegget. Likevel syner all forsking at den aktuelle grenda som mister sin skule vert svekka som tilflyttingsstad. Me i Venstre har aldri nemnd at ei bygd eller grend vert lagt ned over natta, men me vil prøva å forklara litt kva me «trur» skjer om ein vel å ta bort det aller siste tilbodet i grenda.

Unge menneske, som har reist litt rundt og vore vekke ei stund, t.d. studering eller jobb, som vel å koma heimatt har nokre prioriteringar dei har vorte vane med i dei som oftast urbane strøka dei har opphelde seg i.
Det er tilbod rundt seg, i nærleiken, ikkje ein biltur på tjue-tretti minutter kvar veg.
Det er moglegheiter til å kunna flytta heimatt til staden/grenda dei er vakse opp i, og ikkje måtte velja ei grend der dei ikkje «har røter» berre fordi det ikkje er noko anna tilgjengeleg.

Då er det påfallande merkeleg å lesa at i kommuneplanen 2011-2020 så ligg det kun eit — 1 — bustadfelt i planane. Korleis kan det gå at Ullensvang som skal vera eit herad med levande bygder og som ynskjer at det skal verta folketalsauke ikkje legg opp til å auka tal hus i heradet dei neste 10 åra? Sjølvsagt ligg det inne strøytomter, men kor lett er det å finna gode areal til slike? Og kvifor i alle dagar er det ikkje teke med strøytomter i alle bygder? Kor bra distriktspolitikk er det å sentralisera slik Senterpartiet legg opp til?

Me i Venstre har ein klinkande klar filosofi; Me vil gjera grendene meir attraktive og ikkje leggja ned dei få tilboda som framleis er der! Me ynskjer fleire bustadtomter i kvar grend. T.d. er det framleis stor hus og tomte mangel i Sekse og Vikebygd krinsen. Venstre meiner at ein ikkje kan få stor nok skule utan at ein har lagt tilrette for tomter og bustader i kvar grend.

Venstre er garantisten for framleis skule i kvar grend, ha da i tankane når ein gjev røysta på valdagen.

Ullensvang Venstre
Petter Sexe Ulriksen
Sverre Kleivkås
Bodil Moss

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**