Til innhold

Eit liberalt og nytenkande Ullensvang

Ullensvang i endring

Ullensvang Venstre er det liberale og nytenkande alternativet i Ullensvang.

I klårtekst tyder det at me ikkje skal styre livet ditt i detalj, men heller bruke vår energi på å tilrettelegge for at du kan skapa det livet du ønsker for deg og dine.

Me er lyttande til innbyggarane, og skal møta dei utfordringane som me står ovenfor samfunnet og nærmiljøet vårt. Samstundes, må me også tenke på vår framtid. Me vil fortsette å drive vår liberale og grøne politikk, med fokus på den gode skulen, eit godt miljø og satsa på ungdomen som er framtida til Heradet. Me tek også eit sosialt ansvar og vil ikkje være det partiet som står i vegen for små og mellomstore bedrifter.

Alt i alt, så tek me ansvar, og samstundes set folk først, tross alt.

Hjartesaker

  • Kommunestruktur

    Primært ynskjer me eit samla Ullensvang inn i eitt nytt herad. Ullensvang Venstre har vore tidleg ute og signalisert klårt, at det må verta mogleg å justera heradsgrensene og eventuelt gå inn for deling av heradet om det er naudsynt. I denne saka om kommunestruktur, er det særs viktig å lytta til både gamal og ung, og vektlegga deira ynskje.

  • Næring

    Me vil stø opp under næring som vel å etablere seg i heradet for å skape desentralisert vekst i Hordaland. Eit næringsvennleg herad er viktig for å sikra vekst og utvikling i indre strok. Landbruket og turismen er to av dei viktigaste næringsvegane i heradet. Utan landbruket, vil Ullensvang gro att og turismen vert samstundes lidande. Desse to heng tett saman.

  • Nærmiljø

    Gode grendemiljø er ein føresetnad for at folk ynskjer å bu i heradet vårt. Det må tilretteleggjast tomter for å føre opp hus, og sikra desentralisert busetnad over heile heradet. Idrett og ungdomstilbod må stimulerast og følgast opp kontinuerleg. Dette skaper trivsel og og gode minner om at det er trygt å bu i heradet, og det er eit mangfald av tilbod.

  • Ungdom & oppvekst

    Ungdommen er Ullensvang si framtid. Difor er det særs viktig å tilretteleggje samt realisera tilbod og gode prosjekt. Eit breitt fritidstilbod med stor valfridom, gjer Heradet til ein meir attraktiv plass å bu.

Våre folk

Bli frivillig

Ønsker du å hjelpe oss i valgkampen? Meld deg som frivillig via dette skjemaet