Framtidas skule

Vi er no godt inne i valkampen, og dei politiske partia overgår kvarandre i lovnader innanfor alle viktige område på ein gong. At det kjem ein kvardag etter valdagen der det må knallhard prioritering til, vert snakka lite om.

(Lesarinnlegg av Per Arild Alsaker, Venstre sin 5. kandidat til kommunevalet i Eid 2011. Innlegget står på trykk i Fjordabladet 27. august)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Elev, elever, skole, utdanning, klasse

Foto: Microsoft

Dette vil og gjelde i skulesektoren. Skulane i Eid er allereie i ein pressa situasjon når det gjeld lærar- og timeressursar, spesialpedagogiske tiltak og materiell. I tillegg strevar ein med å klare gje elevane ei fullgod symjeopplæring, på grunn av stadige trongare driftsrammer til skulane våre.

Eid Venstre meiner vi i komande periode må prioritere skulen fremst blant dei kommunale oppgåvene. Skulane må få auka handlingsrom, men i tillegg må vi sjå nærare på ressursutnyttinga i skulen per i dag. Vi må og tørre å ta dei vanskelege diskusjonane kring skulestrukturen i kommunen. Innhaldet i skulen og omsynet til elevane sitt beste må vere det avgjerande. Når vi veit at ein av skulane våre i haust hadde berre éin førsteklassing, er det viktig å hugse på at skulen er den viktigaste arena for sosialisering inn i samfunnet.

Vi må difor hugse på at det viktigaste er å setje inn ressursane slik at elevane lærer, at dei trivast på skulen, at bassenga er fyllt med vatn — og vert nytta i størst mogleg grad. Det vert difor viktig å ha ein edrueleg debatt kring nye store investeringsprosjekt. Skal ein tenke stort, må ein kanskje tenkje meir fleirbruk.

Vi må ikkje komme i ein situasjon der konsekvensen av feite valløfte er auka kommunale kostnader som igjen fører til reduserte tilbod til elevane med omsyn til ressursane som vedkjem dei direkte for å skape læring og trivsel. Vi må også sikre at timeplanane vert utforma utifrå lærarane og elevane sine behov, ikkje berre ut frå korleis ein organiserer transport til og frå.

Per Arild Alsaker

Foto: Steinar Engeland

For Eid Venstre handlar det om å skape kvalitet i skulekvardagen for den enkelte elev – frå den svakaste til den sterkaste. Det innebærer at både lærarar og elevar vert høyrde og verdsette av oss som politikarar. Skulen må vere i utvikling i tråd med eit samfunn som stadig endrar seg raskare.

Det er kortsiktig tenkning å kutte ressursane til læring for barn og unge år for år. Å satse på eit godt innhald i skulen er god samfunnsøkonomi. Det er vårt ansvar å gje barna våre eit best mulig grunnlag gjennom ei god utdanning med tilstrekkelege ressursar og god organisering. Det startar ikkje i vidaregåande skule eller ungdomsskulen, det startar i barnehagen og i første klasse.

Per Arild Alsaker
5. kandidat for Venstre til kommunevalet i Eid 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**