Hemn og kontroll er feil veg å gå!

– Hemn og meir kontroll kan stå fram som handlekraft, men det gir oss berre ein falsk tryggleik. Det er heilt andre verkemiddel som må til for at folk ikkje skal utvikle behov eller ønskje om å gjere så mykje vondt. Det er det som er i hjarte til menneska som legg grunnlag for handlingane våre. Dette skriv Gunn Berit Gjerde i eit innlegg som kommentar til utsagn fra fleire hald om at Noreg no treng strengare kontroll etter 22.juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Her kan du lese heile innlegget:

Hemn og kontroll er feil veg å gå!

Jakta på verkemiddel som skal hindre nye grusomme terroraksjonar er i full gang. Det blir ropt på strengare straff og meir kontroll med skytevåpen og med kunstgjødselsal.

Denne hemn- og kontrolltankegangen er i strid med ønskjet om å verne om folkestyret , rettstaten og fridomen for folk. Eg håper ikkje vi gløymer statsministeren sine ord om at vi skal møte denne grusomme handlinga med meir demokrati, meir openheit og meir toleranse.

Det er ingenting som tyder på at ei høgre strafferamme ville ha hindra udåden i regjeringskvartalet og på Utøya. Frå islamsk terrorisme veit vi at trusselen om dødsstraff har ingen effekt på sjølmordsbombarane.
Og vi veit at folk som absolutt vil gjere udåd blir ikkje stoppa om vi innfører nye reglar og nye forbod. Dei finn alltids ein utveg til vonde handlingar for den som vil.

Hemn og meir kontroll kan stå fram som handlekraft, men det gir oss berre ein falsk tryggleik. Det er heilt andre verkemiddel som må til for at folk ikkje skal utvikle behov eller ønskje om å gjere så mykje vondt. Det er det som er i hjarte til menneska som legg grunnlag for handlingane våre. Urett avlar urett og hat avlar hat. Vi har eit ansvar for at oppveksande slekter blir møtte med tillit, kjærleik og forståing.
Og vi har eit ansvar for at folk får kome fram med spørsmåla sine og frustrasjonen sin og bli møtt med respekt, samtale og diskusjon.

Greier vi dette, har eg tru på at mennesket kan gjere eigne val som er til gagn både for seg sjølv og andre.

Gunn Berit Gjerde
Fylkesorførarkandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**