Varm velferd når du treng det

Jølster har i dag ei god utbygd teneste innan helse og omsorg. Frå 1.1.2012 skal samhandlingsreforma innførast. Grunntanken er at mest mogleg av helseoppgåvene skal løysast på lågast mogleg nivå. Dette er eit prinsipp som Venstre støttar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Jølster Venstre vil arbeide for:
– at pleie og omsorgtenesta i Jølster har nok plassar både på Skei og Vassenden til alle som treng det, i enten heildøgnsbemanna tilbod (sjukeheim) eller i omsorgsbustader. Tenesta må tilpassast den enkelte brukar, samt ha rett dekningsgrad/ utbyggingsgrad i høve til tal eldre og andre brukarar med behov i kommunen.
– at omsorgstenesta gjev varm velferd og verdig liv til dei som treng det. Pasientane skal bli møtt med respekt, omsorg og naudsynt kompetanse i denne fasen av livet.
– sikring av god helse- og omsorgsteneste ved at personalet jobbar i tverrfaglege team, som ser heile mennesket og har som målsetjing at livet til kvar enkelt skal bli så bra som mogleg
– arbeidstrening og attføring
– rusfrie møteplassar for ungdom som ungdomslag og frivillige organisasjonar, i tillegg til ungdomsstyrte møteplassar
– auka satsing på førebyggjande helsevern
– sikre ei god oppfylling av samhandlingsreforma i samarbeid med kommunane rundt og helseinstitusjonar det er naturleg å samarbeide med, med m.a. hospiteringsordningar.
– at Livsmeistringssenteret får statleg støtte og kan halde fram med å tilby si verdfulle hjelp til dei menneska som har nytte av deira kompetanse. Livsmeistringssenteret vil også kunne vere til hjelp i opplæring av helsepersonell i samband med samhandlingsreforma.

Innføringa av samhandlingsreforma vil bety at kommunane vil stå ovanfor nye store utfordringar innan helse og omsorg, spesielt innan førebygging og rehabilitering. Venstre ser heilt klart at dette arbeidet er så omfattande at Jølster vil måtte samarbeide med andre kommunar, for å klare desse store oppgåvene. Venstre er opne for å sjå på kommunestruktur dersom oppgåver, tenestetilbod og rekruttering av fagpersonell krev det.

Venstre ser kor viktig det interkommunale legevaktsamarbeidet er for å rekruttere legar til distriktet. Det vert viktig å styrke dette samarbeidet slik at det vert robust nok til å vere ei sikker teneste for innbyggarane i regionen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**