Odda treng handling

Odda Kommune står foran store utfordringar for å snu ein langvarig negativ trend. For å møta desse utfordringane treng vi handling. Vi må koma oss vekk frå handlingslamminga som har vore i Odda dei siste åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Odda treng samarbeid, og ikkje konfrontasjon. Skal vi ha handling på Smelteverkstomta, må vi samla oss bak vedtaket som Riksantikvaren har gjort med omsyn til vern. Anking av vernevedtak og ønsker om meir vern fører til meir utsetjing og konfrontasjon. Vi treng no at alle gode krefter arbeider saman for utvikling. Odda Kommune må samarbeida med SNU, Fylke, Stat, Riksantikvaren, NVIM og andre aktørar for å få utvikling på tomta. Odda Venstre fremma i Unesco-utvalet i fjor vår 8 konkrete forslag på saker vi kunne arbeide med, men ingenting er sett i gang. Samtidig vart det fremma ønske om samarbeidsmøte mellom utvalet og SNU og NVIM, noko som også vart vedtatt i kommunestyret hausten 2010. Eit slikt samarbeidsmøte er endå ikkje blitt avvikla.
Odda treng nye arbeidsplassar. Odda treng ein aktiv næringspoltikk. I løpet av dei 4 siste åra har vi ikkje ein gang klart å få ferdig ein strategisk næringsplan. Både det politiske og administrative nivået i Odda Kommune må ha fullt fokus på næringsutvikling. Odda Venstre vil at alle etatar som har kontakt med næringslivet i kommunen, vert samla. På den måten vil det bli enklare å få framgang for næringsutviklinga. Vi treng også meir tillrettelegging av næringsareal og næringsbygg. I utviklinga av næringslivet treng vi også samarbeid med alle aktørar i næringslivet i Odda.
Skal vi få til ei endring med meir fokus på handling og samarbeid, kan du som velgar vera med å avgjera dette gjennom valet. Ønskjer du ei slik endring, får du den ved å stemma Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**