Miljø og utvikling i Førde

Førde Venstre set miljøet høgt i utviklinga av kommunen. Ei berekraftig utvikling forutset ein medviten miljøpolitikk i alle avgjersler.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I den kommande kommunestyreperioden vil Førde Vensre sine representantar arbeide for:
– gratis ringbuss i Førde.
– at det skal utarbeidast ein vedlikehaldsplan for kommunale bygg som vektlegg enøktiltak som t.d. fjernvarmeanlegg.
– arbeide for ei sentrumsutvikling som både gjev rom for bustadar og jordbruk.
– behalde ein rein Førdefjord, utan dumping av gruveavfall i Vevring.
– leggje til rette for mjuke trafikantar med gangveg langs Anga frå sentrum til sjukehuset og sykkelvegar både i og utanfor sentrum.
– verne om dei grøne lungene i sentrum og sikre Løken som parkområde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**