Oppstart av Søre Sunnmøre Unge Venstre

Vi inviterer oppstartsmøte laurdag 10. september kl 19.00 på Pakkhuset i Brandal.

Vi har ei tid jobba med å få på plass eit nytt lokallag av Unge Venstre i fylket. Pr no er det kun lokallag på Nordre Sunnmøre. No opplever vi aukande interesse, og er klar til å skipe Søre Sunnmøre Unge Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Unge Venstre besøk

Foto: Ulstein Venstre

Førstkomande laurdag kl 19.00 vert det oppstartsmøte på Pakkhuset i Brandal. Servering av mat, politisk diskusjon og bli kjend. Leiar i MR Unge Venstre, Fredrik Giske og fleire frå MRUV tek del.

Alle som er interesserte i Unge Venstre, anten det er å høyre meir om ungdomspartiet eller alt veit dei høyrer heime der, er hjartans velkomne.

Lokallaget dekkjer dei sju kommunane på Søre.

Vegskildring:
Pakkhuset finn du i Brandal sentrum. Det er godt skilta til Brandal når du har komt til Hareid sentrum. Uansett retning du kjem frå, skal du innom rundkjøringa i Hareid sentrum. Då er det skilta mot Brandal.

Om du kjem frå ferja Hareid-Sulesund, ta til høgre i rundkjøringa rett etter ferjekaia.

Om du kjem frå Ulsteinvik, ta til venstre i den same rundkjøringa.

Etter om lag 5 km kjem du til stadnamn-skiltet til Brandal, og etter 200 meter ser du Pakkhuset nede ved sjøen 🙂

Treng du skyss til og/eller frå – eller bedre vegskildring, send melding til Annika Brandal.

Facebook-side
Du kan bli tilhengar ac Søre Sunnmøre Unge Venstre si Facebook-side HER.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**